Fekk innsatspokalen for 2017

Søndag 29.oktober var det basar for Bøfjord IL. Då vart det utdelt innsatspokal for 2017.

IMG_3825[1]
IMG_3818[1]

Grunnjeving: 

Bøfjord I.L. har ein innsatspokalkomite som har til hensikt å følgje med på om nokon i idrettslaget gjer ein ekstra innsats som fortjener heder og ære. Det er langt i frå kvart år denne prisen blir utdelt, men i år blir den utdelt til to som har gjort ein enorm innsats for idrettslaget dei siste 6 åra. 

Vedkommande har stått på kveld etter kveld, veke etter veke, helg etter helg i fleire år, og skapt stor glede for barn i Bøfjord og Bæverfjord. Det er ikkje berre antall timar som er lagt ned som gjer at desse fortjener ekstra oppmerksomhet. Det er like mykje måten det blir gjort på. Dei er alltid positive, godt forberedt og oppmerksam på kvart enkelt barn. Det at 90% av skuleungane i Bygda er med på barnefotball talar for seg sjølv. Det er ein statistikk få bygder kan måle seg med, og det seier mykje om dei som står bak. Trenarane for BB barnefotball skaper stor aktivitet, trivsel og mestring og får fram det aller beste i kvar enkelt spelar!  Det er ingen tvil: 

Innsatspokal 2017 tildeles: Henrik Blekken og Gøran Settemsdal for fenomenal jobb som fotballtrenar for BB barnefotball!

VI SPONSER BØFJORDNETT