Feira 80 - med kyrkjegardsdugnad!

Inger Bøe på Bølandet stikk seg ikkje fram i utide. Men ho er alltid med når sambygdingane møtest.

Feira 80 a
Ein litt rørt jublant fekk roser frå dugnadsgjengen – overlevert av Randi Bøe.
Feira 80 b
Kjellaug Sollid (frå venstre), Gunnhild Skjerdal og Marit Settemsdal kan å bruke rivene.
Feira 80 c1
Samling etter endt dugnad.
Feira 80 d
Frå venstre: Kjellaug Sollid, Gunnhild Skjerdal, Kari Aarnes (kjøkensjef også denne gong), Eva Jorid Svendsen, Jane Svensli (meister for dei nydelege svelene) og Svanhild Bævre.


Tysdag stilte ho med riva og sitt gode humør på rakardugnaden ved Åsskard-kyrkja. At ho fylte 80 år same dagen, fekk koma i andre rekkje. - Gebursdagar kjem da kvart år, smilte ho.

Hurra-song og roser

Nokon i dugnadsgjengen hadde fått nyss om årsmålsdagen. Så ved kaffen etter arbeidsøkta vanka det både «Hurra for deg»-song og rosebukett til ein overraska og smilande jubilant. Og Inger ber åra sine lett – ikkje minst takka vere dagleg trim til Osen og andre turmål i Bøfjorden.

Rydda til vårens festdagar

Eit tjuetal frammøtte sørga – trass i vinden og ruskeveret - for rask og grei våronn rundt Åsskard-kyrkja denne ettermiddagen. Etterpå var det pølse, svele og  kaffe i Kyrkjestua, der praten gjekk livleg som alltid.

Litt plenklipping står att. Men til 17. mai og til konfirmasjonen på Kristi Himmelfartsdag er kyrkjeområdet pynta til dobbel vårfest.
 

.... Tekst og foto Bernt Bøe ...
 

VI SPONSER BØFJORDNETT