Fastetid og innsamling

Tysdag 19. mars får heimane besøk av konfirmantar og andre med fastebøsser! Alle sokn førebur no storinnsats for Kirkens Nødhjelp.

Fastetid a
Ola Bruset, konfirmant Selma og KN-kontakt Anita Talgø er klare for innsats i Todalen. (Foto Bernt Bøe)
Fastetid b
Konfirmant Jarle har bøssa klar – her flankert av Bernt Bøe (Åsskard), Møyfrid Torvik Røkkum (Stangvik) og Liv Marit Polden (Øye-Ranes). (Foto Randi Bøe)
Fastetid c2
Prest (no prost) Vidar Wilhelmsen Rygh med pep-talk til 2023-konfirmantane i fjor. (Foto Bernt Bøe)
Fastetid d
«Håp i en dråpe vann» er slagord også for årets KN-aksjon. Men midlane går til akutt hjelp det behovet er størst. (Foto Kirkens Nødhjelp)
Fastetid e
Fastetid f


Fredag kveld 15. mars er det «pep-talk». Da held lokalkyrkja inspirasjonstreff på Surnadal vidaregåande. 

Her deltek konfirmantane, heimane og dei ansvarlege i sokna. Ein viser litt av behovet for nødhjelp og - ikkje minst: At innsatsen gir resultat. 

I Surnadal vart det i fjor samla inn over 130.000 kroner. Konkret er dette «å faste for sin neste» - med reell sikring av liv i område som treng nødhjelp.

800 milionar menneske i verda manglar skikkeleg vatn. Difor har vassforsyning høg prioritet. Men Kirkens Nødhjelp yter alltid innsats der det trengst mest.

Somme bygder har i år få konfirmantar til å gå med bøsser. Difor har sokna ei klår oppfordring til deg som vil gjera nødhjelpinnsats eit par kveldstimar komande tysdag:  

- Sei JA viss du blir spurt om å delta i ein kjapp og effektiv dør-til-dør-aksjon!

Innsendt av Bernt G. Bøe / Konfirmantlærar og KN-kontakt Åsskard

VI SPONSER BØFJORDNETT