Fasteaksjonen: Innsats gir resultat
Tysdag 24. mars gjekk konfirmantar og vaksne gardtales i fasteaksjon for Kirkens Nødhjelp.
Nødhjelp blir dessverre aldri avleggs. Denne våren kom nytt akutt behov Midt-Austen. Kirkens Nødhjelp yter livshjelp både der og i andre utsette område.
Dette i tillegg til organisasjonens langsiktige engasjement for å skaffe varig vassforsyning i tørkeramma område. Her står rundt 800 millionar menneske på ventelista!
Sjøl om ein aksjonsdag i året berre blir dropen i havet, skaper gjevarar og innsamlarar betydelege resultat: For anslagsvis 30.000 innsamla kroner kan Kirkens Nødhjelp skaffe varig vatn til hundre menneske i utsette område.
Når KN no har summert resultatet etter årets aksjon, er det interessant som eksempel å vise kva som vart gjeve i ein av våre kommunar der kyrkja arrangerte innsamling. Dei fem sokna i Surnadal bidrog med desse tala:
Åsskard 33.656 kr
Øye og Ranes 30.973 kr
Todalen 22.470 kr
Stangvik 9.328 kr
Mo 8.927 kr
Det samla resultatet på 105.354 kr er noko mindre enn fjorårets. Likevel kan Kirkens Nødhjelp med desse midlane skaffe varig reint vatn til ein landsby med 350 innbyggjarar. Eller yte naudhjelp, mat og medisinar til mange der akutt behov oppstår.
Konfirmantar, vaksne og andre frivillige – men først og fremst gjevarane i hus og heim – har også med fasteaksjonen 2026 gjort ein innsats som gir resultat!
... Bernt G. Bøe, KN-kontakt i Åsskard ...

![Innsats A gav resultat (1)[1]](https://img7.custompublish.com/getfile.php/5487861.2107.tkp7i7atuqkiqk/800x0/6743714_5487861.jpg)












.png)




.jpg)


























