Farvel til Leif Erik
Det vart ein rørande og vakker avskjed med Leif Erik Staknes i Åsskard-kyrkja denne tysdagen. Slekt, venner og naboar fylte benkane – noko som må vera eit sterkt vitnemål om samhald og fellesskap i ei lita bygd!
Brått vart plassen hans på Bølandet tom. I kaffekroken på Coop’en tente kameratane levande lys på bordet da dei fekk høre at 62-åringen brått var død.
No går tankane til bror Kjell Arild, søster Ruth Irene og dykk i familien elles: Oppslutninga på gravferdsdagen viser i alle fall at de ikkje står åleine i sorga.
Bernt nabo – på vegner av mange

![Fb Blomster BCx[1]](https://img7.custompublish.com/getfile.php/5486027.2107.jkk7njkul7lajn/800x0/6743037_5486027.jpg)










.png)





.jpg)
























