Fartybygging vekte interesse

Folk kom lange vegar til temadagen om fartybygging på museet i Bøfjorden søndag. Biletkåseri om stolte skuter, historikk og byggeteknikk prega programmet. Og skipskista frå jakt «Fosna» dukka opp!

Fartybygging a
Verftsveteran Peder Vaagland (t.v.) samtalar med Gunnvald Bøe om bruken av «halvmodellar» i bygging av seglskuter i gamle dagar. Museet har fleire slike.
Fartybygging c Fosna SKIPSKISTE
Skipskista frå jakt «Fosna» vart gjeve i gåve til museet denne søndagen.

 

Frå Bøfjorden Historielag sitt fotoarkiv vart det først vist ein serie over lokal båt- og skipsbygging frå dei eldste tider. Blant klinkbygde farty står geitbåten i ein særklasse. Men også færingar og tidlege motorbåtar vart bygde med stor fagkunnskap.

Båtbyggjarfaget

Frå Bøgeilen kom bl.a. 28-fotingen «Talgsjøen», som Nordmøre Museum har beskrive som ein unik båt i overgangen frå segldrift til motorbruk.

Gunnvald Bøe gav kort teknisk innføring i både klinkbygging og såkalla kravell-bygging. Han tok også fram språklege uttrykk frå båtbyggjarfaget.

Flotte skuter vart bygd med enkel reiskap langs nordmørsfjordane. Legendariske jakter og galeasar som «Dyrafjeld», «Svanhild» (begge har fått nytt liv)., «Brødrene» og «Fosna» vart omtala. Like eins dei havgåande fiske- og fangstskipa «Bøfjord», «Skrøyfa», «Hjelmen» og «Blankisen» som vart bygde med enkel reiskap, men av dyktige ingeniørar, i fjøresteinane i Bøfjorden og Snekkvika for 100 år sia.

Skipskista frå «Fosna»

«Fosna» var siste historiske segljakt bygd på Nordmøre (1914). Ho vart ført av Christian Solem frå Bukta ved Hamnesfjorden. Jan Solem og andre etterkomarar av skipperen har no gjeve skipskista frå «Fosna» til Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Dette vart markert denne søndagen, der også barnebarnet til Christian, Knut Sollid, var til stades. Kista inneheld mellom anna historiske dokument  som ekspedisjonsbøker frå slofartturar til Lofoten og Finnmark frå 1915 og utover.

Kleivset og Vågland

Einar Oterholm arbeider no med bok om skipsverfta på Kleivset. Han gav smaksprøver frå dette arbeidet og lova foredrag om temaet neste museumssesong!

Vaagland Båtbyggeri utgjorde også ein del av programmet . Mest dokumentasjon fekk første perioden i bedrifta si historie – frå da Einar Vaagland starta verftet i Våglandsbakken i 1927. Interessante foto frå denne perioden vart vist – delvis med kommentar av sønnene til gründeren, Anders og Peder Vaagland, som sat i salen. Den nyare stålbåtproduksjonen på Vågland vart det ikkje tid til å gå inn på denne gongen.

Temadagen dokumenterte at sjøfarty har betydd mykje for nordmøringane i mange samanhengar opp gjennom åra.

VI SPONSER BØFJORDNETT