Fargerik hobbydag

Oppslutninga av publikum var mindre enn venta. Men kreative utstillarar og ei dyktig musikkgruppe skapte ein fin aktivitetssøndag på museet i Bøfjorden.

Fargerik A
Hjemmelaget sjarmerte med variert tangomusikk. Frå venstre Alex Kurbanov, , Espen Wilhelmsen (gitarist, bak), Anne Dyrnes, Peder Hønsvik (nærast), Tony Hopen og Ellen Rensvik.
Fargerik B
- Triveleg arrangement og bra salg, tykte Gunnvor Bøe og Grete Jonli.
Fargerik C
Sjarmerande gåveprodukt av mor Anne Berit Gravvold og dotter Marita Petersen.
Fargerik D
- Ta vil eg kjøp! Inger Lise Heggem og Torbjørg Settem var begeistra for Edvard Otnes sin fargerike målarkunst.
Fargerik E
Einar Vetleseter Melling og Lars Isak Petersen fekk skyte med «hardbust». Her ein imponerande åttar!
Fargerik F
Tony Hopen og Peder Hønsvik musiserer - med Sabben som rytmehaldar.
Fargerik G
Ei glad vertinne Mayse Dønheim Hovde tek imot honnørgåve til museet frå Edvard Otnes. Og nettopp maritim historie – idyll eller drama – er jo grunnideen bak arbeidet her!


Frå det rike utvalget av strikkavarer vart det sikra mange fine julegåver. Artige produkt av familiane Gravvold og Petersen nyanserte utstillingane. Utstillarane fekk fin respons. Og dei tykte salget av produkt gjekk riktig bra, sjøl om kundane var relativt få. 

Edvard Otnes sette fint kunstnarleg preg på dagen med sine gode måleri.

Tango a la Piazolla

Ensemblet Hjemmelaget skapte god musikkstemning med eminent framføring av variert tangomusikk. Konsertmester, arrangør og konferansier Peder Hønsvik framheva særleg komponisten Astor Piazzolla. - Utan hans fornying og utvikling ville tangotradisjonen kanskje ha dødd ut, sa han. Gruppa si framføring av fleire Piazzolla-perler understreka dette på ypperleg vis.

Skotthyll og «hardbust»

Avdelinga med gamle barneleikar fekk få deltakarar. Men skotthyll-konkurranse etter den enkle vedski-varianten og skyting med «hardbust» (barnesikker bruk av tilpassa «armbrøst») var likevel sjarmerande programinnslag. 

Sabben musiserte

Anders Vaagland og Peder Sæther sørga for at båtmotoren sette preg på dagen med taktfast tøffing utafor ytterdøra. Trekkspelar Peder og trommis Tony var ikkje snauare enn at dei stilte opp og spela ein frisk trudelutt - med Sabben med innhyra perkusjonist. Sjarmerande og festleg!

Kaffe og anerkjennelse

Og kven sørga for kaffe med godsaker attåt? Jau - Torbjørg og Inger Lise denne gong.

Ein hyggeleg anerkjennelse for arbeidet med sjøbruksmuseet stod Edvard Otnes for da han forærte Bøfjorden Historielag eitt av sine gode måleri som gåve.

 

… Innsendt av Bøfjorden Historielag / Alle foto: Bernt Bøe  ...

VI SPONSER BØFJORDNETT