Familiegudsteneste med kyrkjebok-gåve i Åsskard

På Fastelavnsøndagen 23. februar kl. 11 er det gudsteneste for små og store i Åsskard-kyrkja.

00 fb Famgudst

Da er årets 6-åringar særleg innbedne. Aurora, Amalie, Lars Isak, Harald, Einar, Live og Alida får utdelt ei fin gåve – «Mi Kyrkjebok».

Kanskje blir dei med og «pyntar kyrkja til fest» også - slik det blir sunge i starten av sam,veret.

Tekstane og songane denne dagen handlar mykje om kjærleik - om å vera gode mot kvarandre, slik Gud er god mot oss.

Så det blir sunge både «Kjærlighet fra Gud» og «Til kjærleik Gud oss skapte». Takkofferet går til barnearbedet i Amigos.

Etter gudstenesta kan store og små kose seg med saft og kaffe og småbrød i Kyrkjestua.

Det er Inger Lise som er kyrkjevert og ordnar med det.

Dette kan bli ein triveleg kyrkjedag!

VI SPONSER BØFJORDNETT