Espen Lind på Leikarvollen Scene: Billettsalget har no starta!

Espen Lind

Fredag 05.august kl.09 gjekk startskotet for billettsalget til konserten med Espen Lind på Leikarvollen Scene i Bøfjorden. Klikk deg inn for meir info!

Det blir lagt ut 230 billettar i første omgang og denne gongen blir det unummererte plassar i salen.

Kl. 09.00 på fredag 5.august må du altså gå inn på denne lenkja for å kjøpe deg billett. Det er lurt om du allereie no klikkar deg inn på lenkja og opprettar ein brukarkonto hos Tikkio slik at alt er klart til kl.09 på fredag. Billettprisen i år er 475,- kr per billett.

Ønskjer du bistand til å gjennomføre billettkjøpet kan du ringe Edvin på mobil; 4141 6373.

Leikarvollen Scene i Bøfjorden presenterer ESPEN LIND!

Han har vunne 5 Spellemannprisar og hatt ein rekke hitlåtar i inn- og utland, og som artist har han turnert både solo og som ein del av superkvartetten Lind Nilsen Fuentes & Holm.

Espen er også å sjå på TV kvar fredag kveld som mentor på TV2’s «The Voice».

No er det tid for solo intimkonsert som byr på eit gjenhør med eit knippe av Espens mest kjende eigne låtar, samt ein og annan hit han har skreve for andre superstjerner, alt ispedd anekdotar om låtane og historiar frå eit langt liv i musikken si teneste.

Fullstendig solo er han riktignok ikkje, for med seg på scena har han sin mangeårige medmusikant, den trønderske strengevirtuosen Skjalg Raaen frå Sambandet. (bandet til Åge Aleksandersen)

Før Lind og Raaen entrar scena får vi stifte bekjentskap med Ingeborg Dønheim som skal framføre to songar!

Merk at det er unummererte sitteplasser!

Velkommen til årets konserthappening!

VI SPONSER BØFJORDNETT