Espen Lind inviterer til akustisk konsert: - Tek med seg gitaristen i Sambandet!

Leikarvollen Scene presenterer:

Årets konserthappening skjer på Leikarvollen Scene 05.november når Espen Lind gjestar Bøfjorden! Espen Lind har vore artist i snart 30 år, og i tillegg hatt ein fenomenal produsent- og låtskrivarkarriere som inkluderer Taylor Swift, Lionel Richie, Beyonce, Jennifer Hudson, Train, Sissel Kyrkjebø og Ingebjørg Bratland for å nevne nokre få.

Espen Lind[1]
Espen Lind inviterer til en akustisk aften sammen med Skjalg Raaen!
Skjalg Raaen
Skjalg Raaen spelar til dagleg i Sambandet saman med Åge Aleksandersen. No er han klar for Leikarvollen Scene saman med Espen Lind!


Han har vunne 5 Spellemannprisar og hatt ein rekke hitlåtar i inn- og utland, og som artist har han turnert både solo og som ein del av superkvartetten Lind Nilsen Fuentes & Holm.

Espen er også å sjå på TV kvar fredag kveld som mentor på TV2’s «The Voice».

No er det tid for solo intimkonsert som byr på eit gjenhør med eit knippe av Espens mest kjende eigne låtar, samt ein og annan hit han har skreve for andre superstjerner, alt ispedd anekdotar om låtane og historier frå eit langt liv i musikkens teneste.

Fullstendig solo er han riktignok ikkje, for med seg på scenen har han sin mangeårige medmusikant, den trønderske strengevirtuosen Skjalg Raaen frå Sambandet. (bandet til Åge Aleksandersen)

Det blir lagt ut 250 billettar til hausten, og her bør ein være tidleg ute for å sikre seg plass, når ein artist av internasjonalt kaliber gjestar Leikarvollen Scene!

Velkommen til årets konserthappening!

VI SPONSER BØFJORDNETT