"Epos" kjem inn fjorden idag!
Bokbåten på tur:
Den koselege bokbåten "Epos" tek nok ein gong turen innom Bøfjorden, det melder bokbåten sjølv på nettstaden sin.


"Epos" legg til kai idag. Den blir open frå kl.13:45 til kl.16:00.
Bokbåten opnar med show for barna frå ca.kl 13:45 med Trygve Ramnefjell:
"Trygve Ramnefjell jobbar til dagleg på Bokbussen i Oppland. Han var med Epos på sørturen i haust, og no er det Nordmøringane og Romsdalingane sin tur til å få oppleve han. Og de må berre gle dykk: Han ikkje berre fortel historiane sine. Han speler dei – du vil ikkje tru dine eigne auge!
Trygve jobbar også frilans som songar, fløyte-og munnharpespelar, skodepelar og forteljar, og er med i visefolk-gruppa Grove Horn. Og så skriv han historier sjølv. Trygve har mastergrad i folkesong frå Høgskulen i Telemark og kurs i forteljarkunst, og i 2012 tok han sølv i NM i forteljarkunst! i er stolte av å kunne presentere Trygve no under jubileet til Bokbåten!"
Da er det berre gjere seg klare til "Epos" tøffar inn fjorden!