Endre Hoås til minne

Minneord Endre Hoås FOTO

Ein raus og stillfarande bøfjording har gått ut av tida. I Åsskard kyrkje samlast slekt og sambygdingar til avskjed med Endre Hoås.

Endre var eldst av dei seks borna som vaks opp hos Olga og Hans Hoås i Skogheimen i åra like etter krigen.

Som mange i Bøfjorden starta Endre yrket til sjøs. Som stuert arbeidde han ei tid i Wilhelmsen-rederiet. Det var lange og tøffe turar - til russiske, europeiske og oversjøiske hamner. Potetskrellinga laut somtid skje i fastbunden arbeidsstilling. Seinare jobba Endre i supply-tenesta i Nordsjøen.

Etter at han gjekk i land, fekk Endre dyrke sin lidenskap for naturen. Turane til fiskevatna attmed Skrøvsetfjellet - saman med venner som Sverre og Martinus - var opplevingar han sette høgare enn det meste. Mang ein vakker sommarkveld henta han opp blankfisk frå Skreåvatnet og Jutuldalsvatnet.

Endre var stillfarande av seg. Men som vi høyrde av minneord frå søster Gunnvor og onkelbarna Hans Petter og Tone Merete i kyrkja, var han uvanleg gåvmild, munter og omtenksam. Ikkje minst blir han hugsa som julegåve-onkelen. – Viss nissen skulle hatt ein dyktig medhjelpar, ville onkel Endre fått jobben straks! meinte Hans Petter.

Ja, endatil dyra og fuglane rundt heimen fekk nyte godt av Endre sitt fine sinnelag - han unnte både grevling og trast godsaker frå hagen og kjøkenet.

Alle som kom på døra med loddbok eller innsamlingsbøsse, vart godt mottekne. Endre støtta alle gode tiltak med raus hand.

Omsorga for mor Olga dei siste åra ho levde, teiknar eit rørande bilete av ein sønn med hjartelag og offervilje.

Vi er mange som minnest Endre Hoås med vemod og djup respekt.

………….

Bernt G. Bøe

VI SPONSER BØFJORDNETT