Elvanesset restaurant: Sesongopnar med ny drivar

Komande fredag er endeleg vinterdvalen over – Elvanesset restaurant opnar for sesongen med ny drivar på plass bak disken.

Tone Stjerne Kvam
Tone Stjerne Kvam; ny drivar på Elvanesset restaurant


Det er Tone Stjerne Kvam som har teke over som drivar av restauranten – ho er trønder og har vore med på å drive Stjernegrillen på Heimdal blant anna. No har sonen hennar teke over stafettpinnen der så Tone kan fokusere på å drive restauranten her i bygda vår. Tone leier restauranten av Bøfjorden Utvikling AS og skal drive den sjølv.

Tone fortel at ho vart tipsa om at det var ein restaurant i Bøfjorden som mangla drivar, men ho såg ikkje for seg dette akkurat no – det endra seg da ho tok turen til Bøfjorden og fekk sjå den fantastiske bygda vår og den fine naturen her – og ikkje minst den unike plasseringa av restauranten nede ved sjøkanten. Da skjønte Tone at dette var ei fin utfordring og ei god moglegheit til å skape noko bra på ein ny plass.

Komande fredag er det altså sesongopning frå kl.12.00 og utover kvelden, på laurdagen blir det fellesvisning og informasjonsmøte frå kl.13 til kl.14.30 om dei komande leiligheitane som skal byggast over restauranten. Her blir det servering av kaffe og kake frå kl.13.30. Restauranten held opent frå kl.12 både laurdagen og søndagen.

Meir om opningstidene

Frå og med komande fredag og til 1.juni vil restauranten halde opent kun på helg – frå juni og utover hausten vil det være opent kvar dag utanom måndagar – det blir kanskje opent så lenge som fram til jul. Opningstidene på helg vil være fredag, laurdag og søndag frå kl.12 og utover kvelden.

Menyen

Vi skal ikkje røpe så mykje om menyen, her mo jo folk ta turen innom og sjekke ut den sjølv, men Tone seier at det vil bli ein meny beståande av rettar med kjøtt og fisk, hamburgarar, pizza, kylling og smårettar. «Bøfjordnett» sin utsendte reportar kan så absolutt skrive under på at menyen her blir utruleg rikhaldig og bra!!

På søndagar ønskjer Tone halde fram med å servere buffèt, men understrekar at det vil være fullt mogleg å kjøpe annan mat frå menyen om ein heller ønskjer det.

Det vil også bli moglegheit for å kjøpe seg «bakels og græt» med kaffe på søndagar – eit etterlengta tilbod!

Restauranten held opent på 17.mai slik at ein kan kjøpe seg middag, kaffe og dessert.

På Skjærtorsdag blir det påskekviss med kviss-meistrane Aina og Jarle Berg – meir info kjem nærmare.

Da er det berre å ta turen innom restauranten i helga og helse på Tone og støtte opp om denne unike moglegheita som bygda vår har – tenk at vi har ein restaurant midt i bygda vår!

«Bøfjordnett» ønskjer Tone lykketil med restauranten og håpar ho vil trives i lag med oss bøfjordingar!

VI SPONSER BØFJORDNETT