Elias-dag og redningsjubileum

Søndag 28. august blir det «Elias-dag» ved Hjelmkonnå-naustet på Åsgard. Markering av Redningsselskapet sitt 125-årsjubileum fyller programmet på Bøfjorden Sjøbruksmuseum seinare på dagen.

Eliasdag a
Ungane får kjøre Elias-båt. (Frå ein tidlegare Elias-dag i Bøfjorden)
Eliasdag c Bernt
- Hurra for Redningsselskapet, seier historielagsleiar Bernt G. Bøe og lovar jubileumsprogram på Bøfjorden Sjøbruksmuseum etter Elias-kjøringa.
Eliasdag e LOGO
Eliasdag d RS Chr Bugge
Legendariske «Christian Bugge» - sentral i Rokta-dramaet i 1938.
ELIASDAG Plakat


- Under familiearrangementet ved kyrkjebåtnaustet får ungane kjøre Elias-båten på sjøen – med vaksenhjelp ombord. Innimellom blir det kajakk-roing og eit spennande «Ta sjansen»-opplegg, fortel primus motor Tore Sannes. – Det blir også høve til roing med kyrkjebåten «Hjelmkonnå».

Kanskje «Erik Bye»

Redningsskøyta «Erik Bye» kjem til arrangementet på Åsgard - så sant ho ikkje må ut i anna oppdrag. Mannskapet vil da demonstrere korleis dei bergar folk frå sjøen.

Vorpå Røkeri i Valsøyfjorden stiller med smaksprøver og salg av sine lakseprodukt. Arnt Sannes er dagens servitør og lovar kaffe og velsmakande mat til små og store.

Markering på museet

Til vanleg tema-tid om ettermiddagen (15.00) vil Bøfjorden Sjøbruksmuseum feire NSSR (Redningsselskapet) sitt 125-årsjubileum med bilete, dramatisk historikk og utlodning til NSSR.

- Redningssaka har betydd mykje for fjordbygdene og kystfolket, seier lektor Gunnvald Bøe, som blar i gamle foreningsbøker.  Biletglimt og lydopptak viser blant anna RS «Christian Bugge» og redningsdåden ved «Rokta»-forliset på Hustadvika i 1938.

Det tidlegare oppsette temaet «Bøfjord Idrettslag 70 år» går ut. Det vart i staden grundig markert på Bøfjord-dagen 16. juli.

 

VI SPONSER BØFJORDNETT