Ekstra for «Den 12. mann»

12mann3

Sju fulle forestillingar på Surnadal kino så langt – og no blir det fleire!

«Den 12. mann» blir difor vist torsdag 11. januar (kl. 13 og 20.30) og laurdag (kl. 14) i tillegg til dei forestillingane som allereie ligg inne (onsdag kl. 20.30, og som «onsdagstreff» 17. januar). Filmen skal også visast som skuleforestilling. Så langt har 650 sett «Den 12. mann» og talet vil nok krype opp mot tusen før filmen blir «tatt av plakaten».

Men kinoen vil også vise nye filmar frå fredag av.  Først ute er «Jumanji: Welcome to The Jungle» (9 år); ein familiefilm med Dwayne Johnsen («The Rock») i hovudrolla. Her hamnar nokre ungdommar inn i eit videospel, «Jumanji», og så er det om å gjera å kome seg ut frå det i live.

Liam Neeson har hovudrolla i «The Commuter» (15 år) som har premiere fredag 12. januar (kl. 2030). Han er på feil plass til feil tid da han på heimtur blir blanda inn i eit kriminelt oppgjer på T-banen.

VI SPONSER BØFJORDNETT