Einar og Solsteinen

Einar Oterholm samla som vanleg mange interesserte søndag - da han gjesta Sjøbruksmuseet i Bøfjorden med foredrag om tusenårgamle navigasjonsmåtar. Og alle lærte mangt dei ikkje visste.

Solstein 04 Leidarstein mot kompass
Den magnetiske «leidarsteinen» var forløpar til kompasset.
Solstein 03 Einar m Solbrett
Viking og dyktig pedagog: Einar Oterholm fascinerer alltid med instruktiv kunnskapsformidling.

- Korleis navigerte vikingane? spurte han – og svara sjøl: - Det veit ingen heilt sikkert! Men i løpet av ein umåteleg interessant time i kulturhistorie og naturfag viste han glimt av korleis Leiv Erikson og hans samtidige kan ha kome seg over ope hav til fjerne reisemål.

Lektoren ramma spørsmålet inn i grundige bakgrunnsutgreiingar. Om alskens båttypar frå 700-talet og framover. Om båtbyggeplassar i Skandinavia og når kjølen kom i bruk. Om kvar dei reiste – svenskane langs elvane i innlands-Europa, danskane til Middelhavet og nordmennene til havs vestover.

Han hadde leita opp tusenårgamle seglingsanvisningar og viste korleis knutane på handloggen gav opphav til fartseininga «knop». Bayeaux-teppet (slaget ved Hastings 1066) viste tidlege langskip og korleis dei mælte havdjupna. Fuglane antyda leia og avstanden til lands. Karlsvogna og Polarstjerna var fjerne seglingsmerke.

Men sola var viktigast. Oterholm synte og gjorde greie for solfjøl og solbrett. Som forløpar for magnetkompasset vart «leidarsteinen» (frå 1100-talet) eit nyttig hjelpemiddel.  Og rundt 1200 blir «solarsteinn» nemnt – «en Steen, hvormed man kunde se hvor Solen var paa Himmelen», som det heiter i Oldnorsk Ordbog 1853. Ein slik var det truleg dei nyleg fann att i vraket av ei skip som forliste i Den engelske kanal på 1500-talet.

Via instruktiv forklaring av lysbølger gav så kåsøren forsamlinga innblikk i korleis denne krystallaktige steinen med si mineralsamansetting bryt lyset. Når steinen vender mot sola, vil brotne strålar falle saman i eitt punkt. Slik kan altså seglarane ha orientert seg – også i skodde og overskya ver.

- Endeleg løysing på navigasjonsgåta let enno vente på seg, innrømmer den alltid kunnskapssøkjande Halsa-lektoren. Men dei rundt 60 i salen tykte nok at dei lærte mykje dei ikkje visste før dei kom til Bøfjorden Sjøbruksmuseum denne søndagen.

VI SPONSER BØFJORDNETT