Ein drope – og litt til

Lesarinnlegg:

Nyleg inviterte vi til Åsskard-kyrkja på songdugnad for dei jordskjelvramma i Midt-Austen. No er inntektene talde opp – ein fem kvarters konsert gav 17.280 kroner til Kirkens Nødhjelp.

Ein drope B[1]
Barnegruppa Amigos og mange andre tok tak med konserten i Åsskard! (Foto Bernt Bøe)


Ja visst passar tittelen på konserten - «Ein drope i havet». Folketal som i ein større norsk by omkom. Kirkens Nødhjelp melder om 15 millionar nødlidande berre i Syria. Gjenoppbygginga vil koste svimlande milliardsummar.

Dropen i havet er berre symbolsk. Men full kyrkje og enorm facebook-respons fortel likevel noko om engasjement. 60 aktørar frå 5 til 80 år stilte opp til humanitær innsats. (Tilsvarar 10% av dei 600 som bur i Åsskard.) Kanskje gjer det noko med oss å delta slik?

I alle fall må dei 25 i barnegruppa Amigos har kjente at dei tok eit tak for jamaldringane sine i jordskjelvområda. Dei hadde øvd og førebudd seg på alle måtar og endatil laga fastelavnsris som dei selde!

Kva er eigentleg betre oppvekstkultur enn at dei yngste slik lærer å bruke tid, evner og musikkglede til innsats for dei som verkeleg treng det? Stor og ærbødig takk til dei 25 små, til heimane deira og ikkje minst til den utrøttelege leiaren, Bodil Kvam Aasbø!

Alle vaksne var også lette å be. Synnøve og seniorstrykarane kom frå Sunndalen, Tove med fløyta frå Surnadalen, songsolist Turid frå nabofylket - og arrangørkoret Prosjekt 17. Arnt Erik og Vidar sendte konserten på YouTube-nettet.

Det var som mottosalmen «Da jeg trengte en neste, var du der?» v art teken på ordet.

Midt i all ros kjem undringa: Kva med kommune, kulturetat og lokalmedia? (Jau – todalen.no var der, rett skal vera rett.) Og det er jo betre enn ingenting at våre eigne notisar blir bruka som «innsendte bidrag».

Men: Er ei katastrofe som sletta meir enn Kristiansunds by glømt straks bileta forsvinn frå TV-skjermen? Og er alt anna viktigare enn tiltak med etisk og humanitært perspektiv? Prioriteringa hos lokale media er ofte vanskeleg å begripe – også utanom saker som denne støttekonserten. Men det får vi ta opp ein annan gong.

Meininga med dette innlegget var først og fremst å takke. Men også å begrunne spørsmålet i salmen: «Var du der?»

Kirkens Nødhjelp fekk våre små konsertkroner, som dei i alle fall veit å bruke rett. Og under den pågåande Fasteaksjonen kan vi alle yte litt til!

Bernt G. Bøe

VI SPONSER BØFJORDNETT