Dugnadskvelden ved kyrkja

Med stort deltaking og effektivt arbeid vart det ein vellykka rakardugnad ved Åsskard-kyrkja måndag.

Bofj Dugnad a Kjellaug Rgnh Eliska[1]
Kjellaug Sollid, Ragnhild Skrøvset og Eliska Bøe rydda opp ved utgarden mot den gamle Åsgardbua.
Bofj Dugnad e Amalie 8
Yngste deltakar var 8-årige Amalie – og det med eiga rive!


Onnafolk i alle aldrar (frå 8 til 87!), konfirmantar, foreldre og pensjonistar sørga for ryddig kyrkjeområde til komande festdagar i mai.

Attmed kyrkja var det lite rusk i år. Derimot vart det mange presenning-drager med lauv å fjerne på Gammelkyrkjegarden ved Trøa.

Her har det lenge vore behov for å hogge dei store trea som står rundt gravstaden. Dette vil no bli gjort i samband med den vedtekne utvidinga som straks blir sett ingang.

Somme starta rakinga tidleg på dagen. Og med mannjamnt oppmøte til «settand tid», var det meste unngjort på ein stor time. 

Soknerådet med leiar Eva Jorid Svendsen i spissen rosa alle for innsatsen. Og som synleg takk serverte Kari Aarnes og Inger Lise Heggem pølser, saft, kaffe og kaffemat i Kyrkjestua da økta var slutt.

VI SPONSER BØFJORDNETT