Dugnad ved kyrkjene: Pyntar til vårfest
Mai er kyrkjeleg festsesong. No har eigarane raka og rydda uteområda til konfirmasjon og nasjonaldag.
Vi var innom vårdugnaden på Åsskard. Sjøl om oppmøtet (vel 20 denne måndagen) kunne vore betre, gjekk arbeidet med liv og lyst.
Snørtar opp
Etter eit par timar var kvistar og lauv borte både attmed kyrkja, på feltet mot Belaelva og på det «nye» Gammelgravstedet mellom Bua og Trøa.
Så no kan festkledde familiar og 17. maifolk finne seg godt til rette ved den 150 år gamle kyrkja på «Aasgaardsøren», som det heiter i gamle papir.
Sosialt på alle vis
Dugnad er kreativ og hyggeleg samhandling. Gode samtalar fyller arbeidsøkta. Og når så Kari og Eva serverer kaffe, kaker og rundstykke, summar det livleg rundt borda, der det handlar om ulike tema.
Eksempelvis om behovet for spyling av kyrkjeveggen som trafikken på øversida har skitna til. Om eit uventa innslag på konfirmantleiren. Om skiproduksjon og historiske brev i Trøa. Eller om første dåpsbarnet, og mora som «inngangskone», her i den nye Åsskard-kyrkja ein novembersøndag i 1876.
Eigarskap til kyrkja
Også ved dei fleste andre kyrkjene i distriktet har det vore gjort godt dugnadsarbeid dei siste dagane.
Alt tyder på at bygdefolk kjenner eigarskap til kyrkja si og steller godt med både bygningar og uteområde.
… Tekst og foto: Bernt Bøe …














.png)




.jpg)


























