Dugnad - til felles glede
Det er høgsesong for dugnad. Til konfirmasjon og 17. mai blir det pent rundt kyrkjene våre.
Måndag vart det snørta opp på Åsskard. - Rundt tjue deltok. Og sjøl om vi kunne ha vore fleire, kom vi greitt i mål, sa dei rundt kaffebordet etterpå. – Borttekne tre og ein grei vinter gjorde at det var langt mindre lauv enn før.
Dugnad er eit nøkkelord for velhaldne og trivelege bygdesamfunn. Da er det særleg grunn til å rose dei, få eller mange, som tek ansvar også der andre av ymse grunnar ikkje får til å vera med.
Slik kan fellesskapet glede seg over høgtidsstemning ved kyrkjene sine - takka vere at dugnadsånda framleis er sterk!
Tekst og foto: Bernt Bøe – for Åsskard sokneråd

![Dugnad A[1]](https://img7.custompublish.com/getfile.php/5304701.2107.7ikanunajswapa/800x0/6666660_5304701.jpg)






_3.jpg)






























