Dialekt og medieglipp: - Ein umisteleg rikdom! Heimespråket engasjerer - på mange måtar.

Det var det folksamt rundt borda på museet i Bøfjorden da Bjørn Heggset søndag presenterte sine idear om skriving av nordmørsk dialekt.

Dialekt A kåsør BjH[1]
Bjørn Heggset bruka både tavle og PC for å dele sitt dialektprosjekt med ei talrik forsamling.
Dialekt B Bjørn
Bjørn Heggset – halv settemsdaling og halv valsøyfjording – har heile livet vore oppteken av dialekt og skrivemåte.
Dialekt D Salen
Heimspråket fangar stor interesse. Mange møtte fram.
Dialekt E Subj
Kven er subjekt i desse presseklippa? Frå lerretet.
Dialekt F Annonsar
WC-tur og tablettkur: Korleis tolkar ein desse opplysningane? Frå lerretet


Komplisert, men interessant
Med øre for klangnyansar og tilbakeblikk på språkhistoria har han laga eit system som nok er komplisert, men som på fleire måtar overgår facebook-variantane mange tyr til for å framstille talemålet skriftleg.

Folk i salen hadde gode spørsmål og små innvendingar mot Bjørn sine metodar. Slik vart det ein spennande språktime. Så interessant er den pensjonerte skulemannen si dialektlære at han vart oppfordra til å gje den ut mellom to permar.

Vettord og tulltal
Temaet denne dagen var annonsert som «Tulltal og vettord». Vettord (å lære av) vart formidla både gjennom Bjørn si forelesing og ved at lærarkollega Bernt Bøe repeterte norskreglar som alle kjende att frå skulen – forutan litt om dativ og aptonym.

«Tulltal» var på si side ein overdådig kavalkade med språkglipp frå media - også lokale. Om det er norskkunnskapen eller korrekturen som sviktar så ofte, skal vera usagt. Det vart i alle fall så latteren runga i salen. Nokre eksempel viser kvifor.

Lutefisken kan bite ...

Kva er subjekt? «Båt slet seg – ber folk holde øynenen åpne». «Fremmed mann ville inn – fikk politi-hjelp». 

Har pressefolk og annonsørar lært seg kommareglane? Det er dramatisk forskjell på «Skyt, Ola!» og «Skyt Ola!» Annonsen «Eiendommen ligger i et lite koselig boligstrøk» lokkar vel ikkje mange kjøparar heller? 

Enn oppdelinga av samansette ord? Klippa viste både at «Lutefisk biter skrei» og at «Storfe lever i fløtesaus». Alt i alt ei variert språkstund. Og heimspråket vårt – dialekten - står seg  godt. Den er absolutt liv laga!
 

...... Tekst / foto Bernt Bøe ...

 

VI SPONSER BØFJORDNETT