Dette seier kommunen om skulebygget i Bøfjorden
Gunhild Eidsli som er konstituert kommunedirektør i Surnadal kommune har sendt Bøfjordnett ein epost om status for skulebygget i Bøfjorden. Bakgrunnen for saka er at Bøfjord Idrettslag har fått beskjed om at skulebygget skal stengast for bruk.
I samband med behandling av saka i Kommunestyremøte den 15.06.2023. sak 42/23 stod det med anna slik i saksutgreiinga:
Bruken av skulebygget på kveldstid I dialogmøtet med sentrale personar som represantantar for nokre frivillige lag/foreningar fekk vi eit klart inntrykk av at det var sterkt ønskeleg å ta vare på skulen, for ymse aktiviteter for gamle og unge – i både gymsal og øvrige deler av bygget (klasserom, kjøkken mv). Men ingen av dei foreningane som deltok i møtet som såg det som aktuelt å overta bygget («kjøpe for 1 krone»), til dette vil det vere for krevjande å ta ansvar for driftskostnadane og løpande vedlikehaldsbehov. Dei var derimot ikkje framand for å ta ein rolle som «driftsansvarleg» (inkl. utleigeverksemd) for skulebygget, mot ein eller anna form for økonomisk kompensasjon. Derfor har kommunedirektøren i innstillinga foreslått eit årleg tilskot på kr 30.000 årleg til ein lokal «driftsoperatør», i tillegg til leigeinntektene, som tilsaman skal kunne dekke kostnader til innvendig vedlikehald, strøm, vatn/avløp og reinhald. 4 Dette må sjølsagt avtalefestast, slik at vilkåra er klare for begge partar. Dersom slik avtale ikkje kjem på plass innan 31.12.2023 vil kommunen stenge bygget for «fritidsbruk». Kommunedirektøren ser det ikkje som riktig at kommunen skal bruke ressurser på å koordinere aktiviteter og utleige i bygget.
Det går vidare fram av saksutgreiinga at det er utarbeidd ein brannrapport for bygningsmassen – som pålegg huseigar å gjennomføre ein del branntekniske oppgraderingar dersom skulebygget fortsatt skal brukast. Det er sjølvsagt ei utfordring å drive med aktivitetar i eit bygg der det skulle vore gjennomført tiltak i høve brann.
Som eit kompromiss har ein difor landa på at Bøfjorden idrettslag som er noverande leietakarar, får bruke det vidare ut året i tråd med lovnad frå tidlegare kommunedirektør. Vi er ikkje kjend med at andre har hatt leigeavtale i bygget utanom barnehagen og Bøfjorden idrettslag.
Synest ikkje det er aktuelt å leie ut til nye leietakarar eller ny aktivitet slik statusen til bygget er per i dag.
Kommunestyret sitt vedtak gir kommunedirektør fullmakt til å inngå avtale med ein lokal «driftsoperatør (t.d. lag/forenigar i samarbid) som ønskjer å ta på seg driftsansvaret for skulebygget (utanom barnehagedelen).
Målet er å få til eit møte med aktuelle lag og organisasjonar etter haustferien om dette.