Det handlar ikkje om «grendaskular»!

Surnadal kommune inviterer til «dialogmøte» om skulestruktur. Kva inneber det?
Media siterer oppvekstsjefen på at foreldre og lokalsamfunn «kan få bidra med innspel og refleksjonar», at barn og unge sine stemmer er viktige og at «elevråd og ungdomsråd vil bli høyrt».
Har fått klåre signal
Men har ikkje signala frå lokalsamfunn, foreldreråd og elevar i lang tid kome tydeleg fram? Enn dei pedagogiske fagfolka ved skulane? Enn dei i bygdene som ser konsekvensane langt ut over innsparing på smale samfunnsområde? Dialogmøte hørest fint og bra ut. Men signala frå dei nemnte gruppene er jo udiskutable!
På desse møta presenterer kommunen tre alternativ. Slik ein forstår, gjeld alle nedlegging av skular. Er dette å ta dei berørte på alvor? «Berørte» er jo heile bygdesamfunna - langt utover skulane: Busetnad, næringsliv, kulturliv, reiseavstandar, tilhørighet, identitet - i det heile alt som har med heime- og oppvektsmiljø å gjera.
Kommunen har henta inn ekspertråd. Men desse har ikkje og tek ikkje ansvar for den samansette heilskapen som bygdesamfunna Mo, Åsskard, Todalen og Stangvik har utgjort gjennom mange hundreår. Dei bryr seg ikkje om det som blir rasert ved kortsiktig økonomisk innsparing.
Kva respekt?
Det gjer derimot alle som i arbeid og fritid, med innsats, evner, kreativitet og visjonar held bygdene i gang. Eitt av hundretals eksempel: Akkurat no satsar unge bønder her i Bøfjorden store millionbeløp på fornying og modernisering av gardane sine. Og det med optimistisk tru på ei god framtid for eksisterande og nye slekter!
Kva anerkjennelse og kva respekt for desse viser de som vil rasere oppvektsmiljøa med alt tilhørande?
Heile kyrkjesokn – ikkje «grender»!
Ordet «grendaskular» i overskrifta: Dette forførande begrepet stadig vekk dukkar opp i skuledebattar. Ordet bagatelliserer oppvekstsentra som om det gjeld små, ubetydelege einingar. Eg mistenkjer somme for bevisst på den måten å tone ned alvoret i saka. («Det handlar jo berre om grendaskular …»)
Kva er ei «grend»? Jau - nokre heimar ved Bakkabukta i Bøfjorden og ei husklynge på Halle i Todalen er «grender». Men, kjære lesar og kjære kommunestyre: «Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter» dekkjer heile Åsskard kyrkjesokn! Mo sokn har sitt oppvekstsenter! Under Todalen/Stangvik ligg heile to sokn!
Eit opphald på Robek («Register om betinget godkjenning og kontroll») er krevande (og kanskje flaut). Men det er eit kortvarig alternativ til uoppretteleg rasering av grunnleggande funksjonar for oppvekst og busetnad i dei fire kyrkjesokna dette handlar om.
Ein må forvente at dialogfora denne veka ikkje endar opp med å godta at det no berre handlar om kva alternativ for nedlegging som skal gjennomførast.
Det handlar om meir enn grendaskular!
Bernt G. Bøe