Tema «Mannbjønn» i Bøfjorden

Bøfjorden Historielag presenterer historia om «Mannbjønnen» på sjøbruksmuseet søndag.
000 Tema Mannbjønn a Bjønnastøtta i HaUGASKARET Foto Bernt G Bøe
Bjønnastøtta i Haugaskaret mellom Settemsdalen og Betna vart reist i 1926, ved 150-årsminnet om Mannbjønn-dramaet. (Foto Bernt G. Bøe)
000 Tema Mannbjønn c Storholtrifla
Etter alt å dømme var det med denne «Storholt-rifla» at Tølløv skaut Mannbjønnen. (Arkiv Bøfjorden Historielag)
0000 Plakat Museet 2020 08 02
Biletkåseriet er ein konsentrert kompakt-versjon av det store rovdyrdramaet i Bøfjord-traktene på 1770-talet. Gjennom NRK har ein fersk nettartikkel blåse nytt liv i ei historie utan sidestykke langt ut over våre landegrenser.

Bøfjorden Historielag vil gi søndagens publikum ei samla framstilling av historiske fakta, segner, overtru og lokalt stoff kring «Mannbjønnen». Militære brev frå 1776 og den samtidige «Dragsetvisa» er sentralt kjeldestoff. Åstadsbilete og frodig forteljarstoff utfyller tragiske fakta.

Fem menneske vart midt i 1770-åra drepne av bjørn – i Trodalen, på Dragset, i Hendadalen, ved Kalset og i Åkvika. Ein mannbjønn var i folketrua eit menneske som «gjekk igjen» i bjørneskikkelse.

Den legendariske Tølløv Pedersen Foldalen («Skyttar-Tølløv») har fått æra for å ha skote rovdyret. Kåseriet vil difor presentere frodig stoff om meisterskyttaren.

Arrangøren følgjer trygge koronareglar. Inntil 40 besøkande får plass på museet.

VI SPONSER BØFJORDNETT