Coop’en i Bøfjorden 80 år: Skaper ei levande bygd
12. mai har vore ein viktig dato i Bøfjorden. Denne dagen i 1946 vart Coop’en – Samvirkelaget - stifta. Eit tilbakeblikk manar til samhandling også 80 år seinare.
Etter stiftingsmøtet i Stakkneset 12. mai 1946 skjedde ein folkedugnad for å opparbeide kapital til å starte drifta. Med private innskot (frå 60 til eit par hundre kroner), basarar og anna skaffa laget møysameleg (på halvanna år) rundt 6.000 kroner. Handelen kunne begynne i februar 1948.
Først i Bøgeilen
Hus vart leigd i Bøgeilen. Ein bruka handelsdisk vart kjøpt av Nils Bergem i Torjulvågen. Harald Skogmo frå Namdalen vart tilsett som styrar – for 419 kroner månaden. Frå 1. februar 1948 kunne Skogmo selje mjøl og sirup, kjolety og bekatråd til bølendingane.
Omsetninga til jul dette første, korte året var på 77.528 kr – eit underskot på 456 kr. Men året etter vart det 500 kr i pluss etter ei omsetning på 90.000.
Da Skogmo slutta, var Hallvard Blekken ein periode styrar her på Bøfjord Samvirkelag. Surnadalingen Ole Sjøflot hadde stillinga frå 1950 til 1962.
Knutepunktet Ilabukta
I 1951 starta bygginga av eige butikklokale i Ilabukta (den noverande bustaden vegg i vegg med Coop’en). Dette vart teke i bruk vinteren 1953 og seinare utvida (i 1975 og 2014). Ilabukta vart eit knutepunkt for heile Bøfjorden – med butikk og kai for fraktebåtar og dampskipsanløp. Lars Gravvold og Peder Bøe (Søgarden) hadde bygd kaia og dreiv den.
Butikkassistentar desse første åra var Åsta Staknes, Patrik Bøe (Olastua) og Mary Bøe (Mikkelsen; Sivertstua). Ny styrar etter Sjøflot vart Ingar Snekvik (i langt over 40 år). I 2008 fekk han Norges Vels medalje for «lang og tro teneste». Av assistentar utover 1960-talet nemner vi Tove Snekvik, Aud Snekvik, Gerd Snekvik og Elsa Telstad utover 1960-talet.
Modernisering
Tankanlegg vart montert på kaia i 1969, styrt av Samvirkelaget. Seinare kom drivstoffpumpe også for bilar.
Etter at Carla van Buggenum hadde styrt bua eit halvanna års tid, vart May Iren Dønheim Hovde tilsett som leiar i 2014. Ho vaks opp i Bøgeilen – der samvirkelaget starta handelen 66 år tidlegare. Slik kan ein seie at ein ring var slutta.
Når så Liv Simensen Hoås tok over i 2024, vart enno ein ring slutta: Hennar tippoldefar Endre Hoås kom til Settem i 1880-åra og starta både butikk og meieri der!
Nærbutikken er beredskap
På Bølandet er Coop Marked – Bua – i dag både samlingsstad og samtaleemne. Og vi siterer mange når denne 80-årige historia munnar ut i ein inntrengande appell: - Ta vare på Bua - på denne umistelege arven!
Stor innsats er gjort for å behalde nærbutikken og modernisere den. Etter ein kjempedugnad for eit par år sia vart den digitalisert - som første døgnopne hybridbutikk i området. Her kan ein kjøpe brød og brus og alt anna 24 timar i døgnet heile veka.
Ordføraren understreka nyleg kva nærbutikken betyr også med tanke på den beredskapen som krevst i vår urolege tid. Å ha kort veg etter livsviktige forsyningar, kan vise seg uerstatteleg.
Avhengig av bruk
Men dette krev at bygdefolket og flest muleg andre svingar innom Bua og gjer dagleghandelen der.
- Det er ein forsvinnande liten omveg samanlikna med all kjøring hit og dit elles! seier ein av kafegjestane på Gammelkontoret.
– Og tenk deg kva Ilabukta blir viss Bua må stenge, skyt ein annan inn. – Huset mørklagt, reklameskilta borte, vi mistar kaffekroken og drivstoffpumpa. Så du må kjøre milevis etter brød eller ein mjølkekartong!
Bøfjorden har hatt Samvirkelaget sitt i 80 år. Difor feirar bygda eit lite jubileum denne maidagen.
For åtti nye år er Bua avhengig av ein einaste ting: - Bevisst og trufast bruk!
De er appellen frå folk ved disken og dei på Kafekroken til alle som ferdast i og rundt Bøfjorden.
.... Bernt G. Bøe ...

















.png)




.jpg)


























