Bygdevangen 80 år og årsmøte

Ungdomshuset Bygdevangen vart «Bøfjorden Sjøbruksmuseum» i 1995. Huset var bygd i 1934, og søndag tek museet tilbakeblikk på 80 år.

Bygdevangen 80 år A
Bygdevangen har vore folket sitt hus i Bøfjorden sia 1934.

Dette skjer med glimt frå historia i ord og tonar. Det blir rikeleg humor, og ordet er fritt – så kvar og ein er oppmoda om å bidra med sine minne frå bygda si storstue.

Årsmøte for Bøfjorden Historielag blir også avvikla denne dagen. Her er bygging av kyrkjebåtnaust ei sentral sak.

Kaffe og tilbehør sørgjer kjøkenet for.

ÅRSMØTE I HISTORIELAGET
Bøfjorden Historielag har årsmøte søndag 3. august. Møtet skjer kl 16, rett etter Dagens Tema på Sjøbruksmuseet. Tema denne dagen er forresten 80-årsjubileum for ungdomshuset Bygdevangen - som sia 1995 har vore nettopp Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

VI SPONSER BØFJORDNETT