Braktap i Kristiansund

Bøfjorden fekk ein real nedtur borte mot KFK2 i Kristiansund i går kveld.

KFK2
Foto: KFK Fotball si heimeside

 

Bøfjorden stilte med følgande tropp:

Vegar Lien Megård - Petur Petersen - Sondre Bøe - Martinus Bævre Sollid - John Heggem - Kjetil Rønning - Hans Georg Snekvik - Henrik Blekken - Terje Megård - Per Iver Skrøvset - Ole Kristian Solem - Simen Alberto Dønheim - Gøran Settemdal - John Heggem jr

Etter den sterke sigeren heime mot Surnadal 2 i pinsa kom laget fort ned på bakken igjen etter møtet med KFK2.

I første omgang hang vi godt med og hadde ein del sjansar på nokre flotte overgangar - dessverre makta vi ikkje og omsette desse i målsus. Heimelaget tok leiinga etter 6-7 minutt og Kjetil Rønning utligna omtrent umiddelbart. Litt seinare var heimelaget i front igjen og dette stod seg heilt til pause.

Dessverre skulle dei siste 45 minutta bli mykje tøffare for gutane våre - heimelaget gjekk opp til 3-1 og 4-1 like etter pausa og måla rann inn utover omgangen.  Dei gav seg ikkje før det stod heile 9-1 på resultattavla.

Per Iver Skrøvset seier til "Bøfjordnett":

"- Vi hang godt med før pause og hadde nok sjansar til å score fleire mål - dessverre makta vi ikkje og sette sjansane. Etter pause blir vi tunge i beina, vi heng rett og slett ikkje med. Vi møter eit meget godt lag som utan tvil held mykje høgare nivå enn 6.divisjon."

Neste kamp er heime mot Valsøyfjord på Leikarvoll stadion - torsdag 26.mai kl.19.00!

 

VI SPONSER BØFJORDNETT