Bokbad på museet

Søndag presenterer Bøfjorden Historielag kortreist litteratur. Forfattarane bak «Søyådalsboka» og «Kvenndalsboka» kåserer på sjøbruksmuseet.

Bokbad f Todalen
Bokbad c Dyre Halse
Bokbad PLAKAT 2016 06 26


Trekløveret Lars Steinar Ansnes, Erling Myrbostad og Torbjørn Polden gav i 2010 ut «Kvenndalen med Kvennbøtæla og Engjamarka». Boka skildra historie, landskap og personar frå den vakre dalen. Ho hamna under mange juletre det året.

Suksessen inspirerte til nok ei utmarksbok. «Søyådalen – utmarkshistorie frå Eidet» kom i fjor sommar. Samla gir dei to verka flott informasjon om liv og landskap. Begge bøkene har mange verdifulle foto.

Også andre lokale skrifter skal «bade seg» på museet søndag. Det gjeld Nordmøre Museums «Årbok 2015» – med gründer Dyre Halse sine eigne barne- og ungdomsminne. Kåre Bøklepps «Jakt og drama» blir å finne saman med årboka «Gamle Nordmør», ein del av Bernt G. Bøe sine lokalhistoriske bøker og ikkje minst den solide verket om «Gratangen 1940» av Helge Husby.

Dei fleste av bøkene er også å få kjøpt på museet.

VI SPONSER BØFJORDNETT