Bokbåten kjem i morgon

Bokbåten "Epos" kjem på besøk til Bøfjorden i morgon - kl.14.00!

Epos2
Gjengen ombord


"Epos" legg til kai i Ilabukta klokka 14.00 og ligg der til kl.15.30 før den dreg vidare til Torjulvågen.

Frå klokka 14.30 blir det program for ungane - med Torunn Tusj!

Torunn Tusj: «Hvem vet hva det blir – En fortelling på bestilling»

Torunn Tusj.jpg Torunn Tusj tek oss med på ei interaktiv fortellerstund der publikum er med på å bestemme handlinga. Ved hjelp av enkle virkemiddel får Torunn med  seg både barn og vaksne på leiken. Blir det ei historie om ei prinsesse, ei øks eller ein lama? Kanskje kjem sjølvaste Batman på besøk? Skal det  være ei sann historie, eller berre tull og fanteri? Den som er med får sjå! Torunn er utdanna ved institutt for musikk- og teatervitenskap ved UiO, og  har arbeida som teatermakar sidan 1996. Målgruppe: Frå 3 år og oppover


Til denne turen har "Epos"  med «Boksekkar» for barnehagar. Dei har totalt 50 «Boksekkar» til utlån.

  • Mamma Mø leser
  • Flekkmonsteret bygger harefelle
  • Geitekillingen som kunne telle til ti
  • Jeg er sterkest
  • Bukkene bruse på badeland

Til skulane har dei:

«Stjernesekken», «Temasekken Samane». «Temasekken Småkryp» og «Temasekken Steinalderen» som er tilpassa småskoletrinnet, og inneheld bøker, lydbøker, konkretar, spel, forslag til aktivitetar m.m., som læraren kan bruke i undervisninga.

Temasekkane er støtta med prosjektmidlar frå Nasjonalbibioteket og nytt til denne turen er «Temasekken Steinalderen». Temasekkane er tilpassa 1.-4. trinn

Ønskjer de å bestille ein av sekkane før båten går ut så send ein epost til: one.marthe.jostad.vik@mrfylke.no

Velkommen ombord!

VI SPONSER BØFJORDNETT