Bokbåten "Epos" kjem!

Bokbåten "Epos" vart 27. september lasta med bøker og boksekkar som venter på nye lesarar - 25.Oktober kjem den innom Bøfjorden igjen.

EPOS_august2016
Gjengen ombord på Bokbåten (foto frå bokbaten.no)


Med på turen til Bøfjorden er Astrid Elise Sæterøy. Ho tek oss med på ein leiken halvtime med Bolletjuven og andre eventyr. Astrid er utdanna skodespelar ved Nordic Black Theater og HiO, og har turnert i Den kulturelle skulesekken med mange forskjellige framsyningar.

"Epos" legg til kai i Ilabukta kl.15.00 og blir værande til kl.16.30 - programmet startar ca kl.15.00!

VI SPONSER BØFJORDNETT