Bokbåten Epos kjem til Bøfjorden i haust!

Vestlandets flytande bibliotek skal ut på hausttur og kjem sjølvsagt innom bygda vår - sett av datoen 22.oktober!

Med seg i båten har dei mange nye bøker, temasekkar og boksekkar. Temasekkane passar for 1.-4. trinn, og boksekkane passar godt til formidling i barnehagen.

Bokbåten legg til kai i Ilabukta søndag 22.oktober kl.13.30 og blir liggande til kl.15.00 - kulturprogrammet startar kl.14.00.

Kulturprogrammet - Siv Wyller:  «Hockeysveis fører til dårlige rim» 

Siv Wyller.jpg

Denne gongen får vi stifte bekjentskap med forestillinga «Hockeysveis fører til dårlige rim» som handlar om den glade frisøren Lazze som elskar frisyra hockeysveis, vakre Gunn og gode rim. Uheldigvis har han to fiendar og eitt problem. Dette førar han opp i mykje trøbbel og forviklingar med kjeks, svenske danseband og ein skalla prest.

Forestillinga er basert på boka med same tittel. Fortellinga formidlast gjennom bokas illustrasjonar og utvalgt dansebandmusikk. Historia er ganske tøysete, men og litt skummel.

Siv Wyller har studert ved Norsk barnebokinstitutts forfattarutdanning og har ein mastergrad i litteraturformidling. Ho har og skrive romanen «Sirkus Maxim».

Målgruppe: Frå 3 år og oppover

Velkommen om bord!

VI SPONSER BØFJORDNETT