Bøfjording i Noregstoppen!
Håkon Bøklep stod for fleire gode prestasjonar i NM /Noregscup på ski i Granåsen i helga!
Han var sekund frå pallplass på søndagens 10km fristil. Han gjekk inn til sjetteplass av totalt 142 løparar i klassa Menn 17 og totalt 17/18 år. Berre 3,7 sekund frå pallplass og 7 sekund bak vinnaren!
Laurdag var det 7,5 km klassisk i klassisk snødrev, der vart det ein 16. plass i same klasse.
Det heile starta på fredag med NM sprint. Her gjorde Håkon ein god prolog og kom til semifinalen og vart totalt nr. 18.
Det er verdt å nevne at det er over 140 løparar i kvar klasse i klassen 17 og 18 år. Det gjer prestasjonen til Håkon enda betre!
Vi kan med rette seie at vi har ein bøfjording i Noregstoppen på ski!