Bøfjordhelga: Stordag med rikt program

Laurdagen i Bøfjordhelga vart ein kjempesuksess for arrangørane. Veret og publikumsoppslutninga var strålande.
Stordag B Bilar (3)
Med Arnt Kjetil Bøe som organisator vart det ei stor utstilling av veterankjørety. Foto Bernt Bøe
Stordag C Bjørnis
Bjørnis vann seg mange nye venner ved brannstasjonen. Her lille Julie frå Hommelvika. Foto Randi Bøe
Stordag D Elias
Elias-båten var eit populært innslag på hamna. Foto Bernt Bøe
Stordag E Kunst (12)
Gjertrud Heggem (her) og søstera Tanja stilte ut kunst på Saga. Foto Bernt Bøe
Stordag F Hjelmkonnå
«Hjelmkonnå» rodde i kjølvatnet av gamle dagars skulebåt. Foto Randi Bøe
Stordag G Kallane
Tor Rovik (t.v.) og Ove Åge Grimsmo var «gammelkallar» på Naustbakken og Klagemuren. Foto Randi Bøe
Stordag H Kaffe
Aud Jorunn Endresen, Inger Lise Heggem og Torbjørn Settem selde kaffe på Saga. Foto Bernt Bøe
Stordag I Hamna (5)
Over hundre år gamle veteranskøyter og nye fritidsbåtar skapte stemning ved kaia. Foto Gunhild Bøklep Bøe
Stordag J Skiltet
Så har Klagemuren fått namneskilt! Foto Randi Bøe
Dugnadsånda i bygda har vist seg igjen. - Ein kan makte kva som helst når så mange står på og løftar i flokk, seier komiteleiar Mayse Dønheim Hovde.

Bjørnis og folketog
Laurdagen starta med Bjørnis-besøk ved brannstasjonen på Settemsørane. Mange smårollingar fekk levande møte med mediekjendisen.

Med fullbemanna kyrkjebåt «Hjelmkonnå» og mange gåande til lands vart det også rundt hundre deltakarar i Buamarsjen til Bølandet.

Ved Kveldheim vekte rundt 40 veterankjørety beundring og sakkyndig nostalgi frå entusiastar og nysgjerrige.

Kjøkenet serverte nydeleg fiskesuppe. - Med uventa stort oppmøte vart kapasiteten faktisk for liten, seier Buakokkå Mayse.

Ponni og Elias
Med Marita og Sarah som dyktige og påpasselege instruktørar vart ponniridinga ved Børeiten ei storoppleving for dei minste.

Også Elias-kjøringa på Ilabukta ei spennande oppleving for ungane. Skøyter og fritidsbåtar prega elles den gamle skutehamna.

Kunst på Saga
Søstrene Tanja og Gjertrud Heggem hadde friluftsutstillingar av biletkunst. Sjeldan har vel ytterveggane av eit sagbruk vore flottare dekorert! Eit begeistra publikum antyda at dette var meir tiltalande kunst enn måleri ein ofte ser i media.

Ved Saga kunne folk også nyte kaffe, bakels og kaker. - Her gjekk det unna som berre det, sa servitørane Torbjørg, Aud Jorunn og Inger Lise. Terje Endresen kjørte det han rakk til og frå bua for å fylle opp tomme kaffekanner!

«Klagemuren»
Livet i gamle dagar ved den såkalla «Klagemuren» vart framstilt av historielaget og Bøfjorden Teaterlag. Gammelkallar i frakk og hatt illustrerte prologen som Bernt Bøe las før avdukinga av namneskiltet på muren. Dette har Lars Arve Gravvold og dottera Jeanett laga til den historiske møteplassen på Naustbakken.

Med song og gitar framførte så Petur Petersen si levande «Bøfjordvise».

Innbringande auksjon
Auksjonen som avrunda ettermiddagsprgrammet, baud på kunstverk, klassiske møblar og bruksgjenstandar i breitt spekter. Publikum baud villig, og mange tusen kroner kom inn til det gode formålet for Bøfjordhelga – nemleg å støtte digitalisering av Coop-butikken på Bølandet.

Laurdagen vart så avrunda med pizzeria og pub på Buakaia. Og søndag er det Blåfjelløp og samling på sjøbruksmuseet.

… Bernt G. Bøe ...

VI SPONSER BØFJORDNETT