Bøfjordhelga i gang: Feiande start
Med feiande fotball, feststemt publikum og spennande quiz starta Bøfjordhelga fredag kveld. Leikarvollen stadion og grendahuset var godt besøkt.

Fredrik, Gøran og Mia Settemsdal etter kampen. Fredrik med vinnarhatt og sjokolademedalje som straffevinnar, Mia på «utlån» frå damelaget til Molde. Foto Bernt Bøe
Vennskapskampen mellom aldersblanda lag frå Bøfjorden og Halsa/Valsøyfjorden i strålande sommarver vart ein flott start på kulturhelga. Heimelaget, ei effektiv blanding av veteranar i 50-åra og yngre talent ned til 16 år, hamla bra opp med gjestane.
At fotballinteresse og evner går i arv, kom tydeleg fram ved at to veteranar på banen begge hadde to barn med - forutan at far og sønn Henrik og Birk Blekken også deltok på Bøfjord-laget!
Den jamne og underhaldande kampen endte 4-2 til vertane, etter scoringar av Birk Blekken, John Heggem jr, Kjetil Rønning og Arthur Rosvoll Bøe.
I pausen var det straffekonkurranse for dei yngdte. Den gjekk etter utslagsmetoden, og mange talent fekk vist seg. Fredrik Settemsdal vann – med mange scoringar av høgaste EM-klasse.
Etter fotballshowet heldt fredagskvelden fram med meir konkurranse - no som lag-quiz i eit fullsett Bøfjorden Grendahus.
….. Bernt G. Bøe …..