Bøfjordhelga dag 3: Handel og vandel

Sjøbruksmuseet er arena for søndagens avslutning av Bøfjordhelga 2024. Bacalaomiddag og butikkhistorie står på menyen.

Handel og v A(2)[1]
Museet ivaretek mykje utstyr frå butikkane i Bøfjorden, viser Augusta og morfar Bernt ved disken i Litlsalen. Foto Bandi Bøe
Handel og v B1
Buakokkå serverer bacalaomiddag på dag tre av Bøfjordhelga. Foto Bernt Bøe
Handel og v C(1)
Bøgeilen var første butikklokalet for Bøfjord Samvirkelag – frå 1948 til 1953. Her er styrar Ole Sjøflot saman med ekspeditør Åsta Staknes. (Arkiv Bøfjorden Historielag)
Handel og v D (3)
Orsetbua i Skrøvsetvika var knutepunkt i bygda i over 70 år. Her handlar siste kunde, Hermann Bekken (t.v.) på sjølve avslutningsdagen i 1973. Bak disken Valborg, Anton og Karen Orset. (Arkiv Bøfjorden Historielag)
2024 07 14 Plakat BøfjSjøbruks


Dagen startar med Blåfjelløpet frå Bøfjorden til Halsa - som ein høveleg, om enn uoffisiell del av kulturhelga.

Middag og kaffe
Serveringa på museet er samarbeid mellom Buakokkå med bacalomiddag og historielaget med kaffe og kaker.

Handel og vandel
Når heile Bøfjordhelga går til inntekt for digitalisering av Coop-butikken, må sjølsagt søndagens tema på museet bli «Handel og vandel». Med lysbildekåseri gir historielaget tilbakeblikk på handelen i bygda sia 1800-talet.

Stikkordet vandel inneber både drama og artigheter knytt til dei 10-12 butikkane mellom Båtvika og Settemsdalen. Mest vil handle om Bøfjord Samvirkelag - dagens moderniserte Coop.

Trekning som høgdepunkt
Eit høgdepunkt på museet søndag blir trekninga i den store utlodninga som går over fleire dagar fram til da.

Oppsummering av ei helg med tallause tilbod og aktiviteter blir dagens finale.

(…… Innsendt på vegner av Bøfjordhelg-komiteen ….)
 

VI SPONSER BØFJORDNETT