Bøfjordhelga - dag 3: Bacalaofest og tilbakeblikk

Bøfjordhelga 11.-13. juli går «tre dagar til ende» med eit tjuetal ulike arrangement. Og med to 30-årsjubilantar: Grendahuset og Historielaget. 

Bacalaofest A
Sjøbruksmuseet: Det gamle ungdomshuset frå 1934 har sia 1995 vore Bøfjorden Sjøbruksmuseum. På bacalaodagen høver det godt at toppflaken frå eit kleppfisklad heng på trappa! Foto Bernt Bøe
Bacalaofest B Forsamling
Gjennomsnittleg besøk på sommarsøndagane ligg på rundt 50. Foto Bernt Bøe
Bacalaofest C Kjøken Lodd
Kjøkenluka byr alltid på kaffe med godt attåt - på jubileumsdagen endatil bacalao. Det er salget av kaffe, mat, lodd og medlemskort som skaffar midlar til drifta av museet. Foto Bernt Bøe
Bacalaofest D Niande 22
Niandeklassingar (2022) i ekte fiskarmiljø – med skjømle og oljehyre, ausekar og sildfiskarstøvler. Foto Bernt Bøe
Bacalaofest E Hjelmkonnå Fjorddag
I 2009 fekk historielaget bygd den klassiske kyrkjebåten «Hjelmkonnå». Her klar til tur ein såkalla Fjorddag – med sundbåten «Framnæs» i bakgrunnen. Foto Randi Bøe
Bacalaofest F Sandfrakt
Sandfrakting prega Bøfjorden i mange år. Her kjem «Sluk I» søkklasta frå Surna på veg til Kristiansund. Foto: Museets arkiv
Bacalaofest G Gyrid
Namnet Bøfjorden er først å finne i eit skinnbrev frå 1303 som omtalar den rike husfrøya Gyrid i Åkvika og (den no bortkomne) garden «Drifasætre i Bøarfirði». Her blir Gyrid spela av Kirsten B. Bøe i ei dramatisering nøyaktig 700 år seinare – i august 2003. Foto Bernt Bøe
Bacalaofest H Olav den første 1995
Historielaget – i samarbeid med kor og kyrkje – laga og framførte sogespelet «Olav – Den Første» under Jonsvaka ved kristningsjubileet i 1995. Montasje Bernt Bøe
Bacalaofest I Turar
Saman med Bøfjord Idrettslag har historielaget skaffa merking til 26 «Turar i Bøfjorden». Montasje Bernt Bøe
Bacalaofest J Hefte
Bøfjorden Historielag gir årleg ut «Gamle Nordmør» og produserer elles dialektsamlinga «Teft opg tykkje» og folkeminneheftet «På eventyrvis». Foto Bernt Bøe
Bacalaofest PLAKAT


Blåfjelløp og bacalao

Etter Blåfjelløpet, atelierbesøk og loppis søndag føremiddag er Sjøbruksmuseet arena for bacalaofest og tilbakeblikk på 30 års aktivitet i Bøfjorden Historielag.

Historielag vart stifta (på ei mannskorøving!) 22. januar 1995 med formål «å ta vare på og gjera levande» lokal tradisjon og historie. Laget opna straks Bøfjorden Sjøbruksmuseum og har der i 30 år hatt opne sommarsøndagar med kaffeservering, utstillingar og alltid eit kulturhistorisk Dagens Tema. Til no er det halde rundt 475 slike program. Snittbesøk på ca 50  må kallast stort i ei bygd med knapt 300 innbyggjarar. 

Sjøfart og mykje anna

Temavalget har ofte med nordmørsk sjøfart å gjera – skipsbygging, skuter, frakt, fiske – og sjøfolk!. Dette har vore forsømte emne sjøl i kulturkommunen Surnadal. Samlinga på museet har mykje autentisk utstyr frå båtar og fartybygging. Historielaget fekk i 2009 bygd kyrkjebåten «Hjelmkonnå» etter modell frå 1800-talet.

Anna lokal kulturhistorie har også plass i samlingane og foredraga: Husflid, barneleikar, industri, handel, krigsminne, personportrett, lokalt språk, litteratur og naturopplevingar. Biletkåseri, foredrag og demo-innslag på søndagane hentar emne frå heile Nordmøre. 

Årbok, dialekt og eventyr

Laget står bak aktiviteter og produkt på eit breitt kulturfelt.  Årboka «Gamle Nordmør» har heile distriktet som stoffområde og lesarkrets. Her er mykje både ukjent og sentral kulturhistorie dokumentert. Alle utgåver (frå 2012 til no) er å få.

Dialektsamlinga «Teft og tykkje» kjem i stadig utvida opplag og inneheld no langt over 2000 ord og uttrykk frå nærområdet. Folkeminneheftet «På eventyrvis» har lokale eventyr, segner, rim og regler av stor underhaldningsverdi for komande slekter.

Terreng og fjordkultur

I heftet «Turar i Bøfjorden» bidreg laget med spennande informasjon om terrengnamn og tradisjon langs dei 26 merka rutene. 

Historielaget har ofte arrangert kyrkjeroing, «Fjorddag» med guida turar og dramatisering av historiske hendingar – da gjerne i samarbeid med andre kulturaktørar.

På 17. mai kvart år deler laget ut den populære Trollbakkprisen til ein person eller ei gruppe som gjer særleg innsats for Bøfjorden og folket der.

Skule og foreiningar

Skulen er ein viktig samarbeidspartnar for å halde historia levande. Kvart år har laget historieopplegg for 9-klassingane i Surnadal. Lag og foreiningar av ymse slag besøkjer ofte Sjøbruksmuseet - med omvisning og informasjon.

Mannbjønn-historia

Ved alle slike besøk er den unike historia om Mannbjønnen eit høgdepunkt. Den handlar om udyret som for 250 år sia tok livet av fem menneske nettopp i området rundt Bøfjorden. I dette dramaet spelar også bjørneskyttaren Tølløv Foldal ei sentral rolle.

Bacalao og historieglimt

Laget avsluttar Bøfjordhelga 2025 med bacalao på museet. Det er middag som understrekar tradisjonen ein ønskjer å føre vidare: Den er laga av kleppfisk, skrei frå Lofoten – som i slofartens dagar vart frakta av seglskuter og skapte storliv på fiskeberga. Kokk (og styremedlem) Mayse Dønheim Hovde borgar for kvaliteten!

På lerretet blir det artige, dramatiske og ikkje minst informative glimt av dei som opp gjennom hundreåra skapte bygda som bøfjordingane feirar denne helga. Og viss du trur dette berre er reprise av gammalt stoff, lovar jubilanten at det kjem mykje du ikkje visste frå før!

 

... Bøfjorden Historilag ved Bernt G Bøe ...

VI SPONSER BØFJORDNETT