Bøfjorden Sjøbruksmuseum: Utsett sesongstart

Normalt ville Bøfjorden Sjøbruksmuseum ha opna sommarsesongen no midt i juni. Men på grunn av koronasituasjonen er starten utsett til slutten av juli månad.

UTSETT Bøfjorden Historielag STYRET
Styret i Bøfjorden Historielag håpar å kunne opne sjøbruksmuseet i juli. Frå venstre: Magne Bøe, Gunnhild Vetleseter Bøe, Eli Husby Moen, Bernt G. Bøe og Inge Dønheim.


Styret i Bøfjorden Historielag vedtok på møtet sitt torsdag å invitere til søndagsope museum frå 26. juli og til 13. september i år.

Opplegget vil gå etter vanleg mønster, men følgje dei smittevernsreglane som gjeld til kvar tid. Dette inneber ope museum fire timar kvar søndag ettermiddag. Servering av kaffe og liknande vil skje i samråd med lokalt helsevern.

«Dagens Tema» er som alltid fast programpost. Her blir 2020 markert som jubileumsår for Bøfjorden Barnehage (20 år) og for skulane i bygda (50 og 150 år) og med tilbakeblikk på omgangsskulen for rundt 300 år sia. Den aktualiserte Mannbjønn-historia får sin presentasjon. Skipsfart vil prege minst ein av dei åtte søndagane. Og alltid kreative Einar Oterholm har lova spennande lokalhistore.

Utgjeving av boka «Mål og meining» med tekster av Gunnvald Bøe står også på programmet.

Årsmøte, utdeling av den lokale «Trollbakkprisen» og andre saker er tenkt avvikla på haustparten. Kva som skjer med den tradisjonelle Fjorddagen, er enno ikkje avgjort.

All aktivitet i Bøfjorden Historielag i tida framover blir tilpassa utviklinga av koronasituasjonen.

Men allereie komande onsdag har museet sitt årlege program for 9. klassane i Surnadal.

VI SPONSER BØFJORDNETT