Bøfjorden Sjøbruksmuseum: Hobbydag med soldathistorie

Søndag er det hobbydag på museet i Bøfjorden. Da kan alle ta med seg sysler, dele dei med andre eller selje eigne produkt. Historikaren Jonny Lyngstad stikk innom med dramatisk kåseri om «Pesten og krigen 1762». 

Hobbydag a Magnhild
Magnhild Hustad Bøe har selt eigen husflid på hobbydagen i mange år.
Hobbydag b Barn Amanda Ida 2018
I fjor var Amanda og Ida blant mange hobbykreative barn.
Hobbydag c Lyngstad Jonny
Jonny Lyngstad kåserer om våre sambygdingar i skjebneåret 1762.
Hobbydag d Soldatar 1762
Slik såg soldatane frå Settem og Todalen ut under Holsteinskrigen i 1762.
Hobbydag e Syslar du
Syslar du med slikt eller annan «flid», er du velkomen til å stille ut eller selje!
Hobbydag f Hardbust 2017
Under full vaksenkontroll kan den yngre garde få skyte med armbrøst – eller «hardbust», som det heiter hos oss. Pass opp!
2019 08 09 Plakat Museet


Husflid, handverk og hobbysamlingar av mange slag vil fylle salen. Alle er velkomne med sine ting. For ungane har museet leiker, tegnesaker, halvferdige og artige ting å prøve seg på - kanskje skyte med «hardbust» og?

Hobby nummer ein for Jonny Lyngstad er lokal historie. Han kåserer om skjebneåret 1762 - da sjukdom herja og soldatar frå våre bygder vart sende til Holstein-krigen. Av 65 unge frå Halsa, Bøfjorden, Surnadal og Stangvik overlevde berre 31.

Kanskje nokon får høre om gamle slektningar som var med? Her stig mange lokale namn ut av rullane – Sættem, Vullum, Årnes, Bævre, Grønnes, Kvendset og mange andre. Dei som kom heim, hadde forresten med kunnskap om noko heilt nytt – nemleg poteter!

Mykje å oppleva – eller bidra med – på museumsdagen i Bøfjorden!

VI SPONSER BØFJORDNETT