Bøfjorden Sjøbruksmuseum: Fin stemning på opningsdagen
Ville folk koma? Historielaget var i tvil før søndagens opning av sjøbruksmuseet i Bøfjorden. Men folk kom. Stemninga var den gode, gamle - trass i nødvendige koronarestriksjonar.
Namneregistrering, avstand og handhygiene fungerte som planlagt. Folk drakk kaffe, kjøpte lodd og fann seg til rette med tryggingsforholda
Tilvekst til samlinga
Styret kunne vise nye gåver og tilvekster til museumssamlinga. Bjørn Kvalnesvik kom med dokument om Surnadal Meieri, margarinreklame frå Varde og med foto av kommunestyret i gamle Åsskard. Edvin Fjærli hadde med seg fortøyningsbøye og propellaksling for båtmotor, forutan dokumentasjon om ein berømt ulvejeger og om ho som sannsynlegvis dikta «Dragsetvisa» om Mannbjønnen. Jon Storløkken donerte ein ekte kinesisk båtmodell, ein djunke, som han i si sjømannstid kjøpte i Kina.
«Drotland»
For museet har Gunnar Strand laga ein flott modell av Smøla-snurparen «Drotland», som prydar samlinga på museet. Sjølve båten var bygd av Vaagland Båtbyggeri i 1953, og slik er nok eit fint stykke skipsbyggehistorie bevart på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.
Kåseri
Som hovudpost på programmet kåserte Berrnt Bøe med bilete frå fleire område innan lokalhistoria. Mange grupper og personar dukka fram på skjermen og løyste ut kommentarar i forsamlinga. Båtar som «Skrøyfa», «Surnadalsjekta», «Boy» og «Aurora» segla elegant over lerretet – kvar med sine ramsalte historier.
Frå livet på den 234 år gamle Stangvik prestegard fekk forsamlinga glimt av prestefamilien Parelius, som kom dit med nymotens parafinlampe, puter og dynetrekk i 1865 og som etter alt å døme har inspirert Amalie Skram i romanen «Mennesker». Og her hadde Kvanne-bonden Lars Moe filosofiske samtalar med den danske diktarpresten Christian Richardt (han med «Alltid freidig»)!
Ebbesen og Bjørnson
Ikkje minst gav kåseriet glimt av den folkekjære Stangvik-presten for 130 år sia, Just Bing Ebbesen. Han er m.a. levande skildra i memorane etter lærar Knut Aarnes, som var konfirmant hos han. Ja – endatil Bjørnstjerne Bjørnson vanka i Stangvik prestegard – som nær venn av sokneprest Ebbesen!
Søndagens opning var eit prøveprosjekt. Men alt tyder på at Bøfjorden Historielag som planlagt vil gjennomføre vanleg museumsprogram dei resterande søndagane fram til og med 13. september.
Tekst/foto: Bernt G. Bøe