Bøfjorden: Hobbymesse og tangomusikk

Søndag har museet i Bøfjorden sin årlege hobby- og aktivitetsdag. Salgsutstilling av målarkunst og handarbeid forutan barneleikar, hobbysamlingar og musikk med Hjemmelaget står på programmet.

Hobbymesse A Gunnv[1]
Mykje fint handarabeid å sjå eller kjøpe! Frå ein tidlegare hobbydag. Foto Bernt Bøe
Hobbymesse B Hjemmelaget
Peder Hønsvik (t.v.) og hans gruppe Hjemmelaget skaper konsertstemning med tango og slagerar. Foto Hjemmelaget
Hobbymesse C Edv O
Edvard Otnes stiller ut og sel eigne måleri. Foto Kåre Egil Hendset
Hobbymesse D
Små og store får kaste skotthyll, vippe jeppe, skyte med «hardbust» og prøve andre gamle barneleikar. Foto Bernt Bøe
Hobbymesse E Basar
Kaffesalg og utlodning er hovudinntektene til dugnadsbaserte Bøfjorden Historielag. Søndag 14. september er det trekning av eit stadig veksande basarbord. Foto Bernt Bøe
2025 09 07 Plakaten


Edvard Otnes stiller ut eigne måleri. Gunnvor Bøe og fleire har strikka-lestar, vottar og andre julegåveidear på bordet. Og: Arrangøren inviterer alle med hobbyhandverk eller samlingar til å delta på messa!

Heimelaga bakverk kan dukke opp - kanskje med dei yngste? Uansett har Torbjørg og Inger Lise på kjøkenet «hengt-på kjelen».

Sesongutlodninga går inn i siste fase - med stadig nye gevinstar til trekninga neste helg - på «balldagen» 14. september.

Ludo, yatzy og tegnesaker ligg framme. Ute kan små og store kaste skotthyll, vippe jeppe, skyte med «hardbust» og gjenskape andre gamle barneleikar, viss veret er bra.

Peder Hønsvik og «Hjemmelaget» lovar konsertinnslag utover ettermiddagen. Dette er ei swingande tango-gruppe som elles har masse slagerstoff på strenger og tangentar.

Hobbydagen er kvart år eit fellesprosjekt. Arrangør Bøfjorden Historielag oppfordrar alle til å kome med sine samlingar og produkt!

Og uansett er kvar og ein velkomen som publikum, kaffegjest - og frivillig kunde!

…. Bøfjorden Historielag … 
 

VI SPONSER BØFJORDNETT