Bøfjorden Grendalag inviterer til 17.mai-feiring

Også i år må feiringa av nasjonaldagen bli annleis enn vi er vant til. Koronarestriksjonar gjer det dessverre vanskeleg å samlast i bygda slik vi brukar på 17.mai, men grendalaget har teke initiativ til ei fin og trygg alternativ markering.

17
Vi inviterer til biltog - Bøfjorden rundt!
 
Klokka 14 startar vi frå Heggemsneset, kjører om Settemsdalen og Settemsørane før vi ender opp på Bølandet.
Ved bua står grendalaget klar og spanderer is gjennom bilvinduet til alle som vil ha.
 
Vi oppfordrar alle slag kjørety til å bli med, gjerne pynta for anledninga!
Om ein ikkje kan eller vil bli med i biltoget, er det også flott med oppstilling ved vegen med flagg når biltoget passerer. 
 
Om ein ikkje ønskjer å vere med heilt frå starten i Heggemsneset, er det fullt muleg å "smette" inn i biltoget i løpet av ruta.
 
Bli med på ei fin, felles markering bygda rundt!
 

VI SPONSER BØFJORDNETT