Bøfjorden grendalag: Boligtomter i Bøfjorden

bøfjorden13

Vi i Grendalaget drøfta før jul kor mange tomter det var i Bøfjorden viss nokon gjekk med planer om å flytte hit.

Av kommunale tomter visste vi berre av éi tomt. Viss ein ikkje har kjenningar eller slekt/familie med tomter er det derfor lite å velje mellom.

Vi såg derfor på det som ein stor fordel om vi kunne lage ei oversikt som viste potensielle tilflyttarar kva tomter dei kunne velje mellom. 

Det vi i Grendalaget ønskjer, er å få folk som har ei tomt, eller ser for seg noko som kunne vorte regulert til ei tomt, om å ta kontakt.

Når vi har fått inn ei oversikt over aktuelle tomter/planer om tomter, kjem vi til å lage eit utkast av eit kart der desse tomtene er markert.

Vi ønskjer vidare å forelegge dette kommunen.

Med grunneigar si godkjenning, håpar vi etter kvart å lage eit kart der ein kan gå inn på punkta (tomtene) for å sjå på bilete og informasjon om dei ulike plassane.

Kartet ser vi for oss kan ligge på www.bofjorden.net, Surnadal kommune sine heimesider og kanskje på www.finn.no?

Hensikta med dette er å vise både folk med og utan tilknyting til Bøfjorden korleis det ser ut her og kva som finst av potensielle tomter og mulegheiter.

Alle henvendingar er av interesse.

Ta kontakt Gunhild Bøklep Bøe på telefon 41560850 eller Ingebrigt Garthe på telefon 90917054.

VI SPONSER BØFJORDNETT