Bøfjorden Grendahus – forsamlingshuset med mange moglegheiter!

​Bøfjorden Grendahus er bygdas storstue og kan brukes til mange formål – i gjennom året blir det leigd ut til ulike kulturarrangement, gammaldans, julebord, revy/teater, basar, møter, skytestevne, barndåp, konfirmasjon, bryllup, begravelse, bursdagar, kurs og idrett for å nevne noko - her får du litt info frå oss!

Bryllup
Storsalen klar for bryllupsfeiring
Bryllup2
Storsalen klar for bryllupsfeiring
Bryllup3
Storsalen klar for bryllupsfeiring
Konfirmasjon-kjeller
Salen i kjeller pynta til konfirmasjon
Konfirmasjon-kjeller2
Salen i kjeller pynta til konfirmasjon
Julebord3
Storsalen ventar på julebordgjestar
Julebord4
Storsalen ventar på julebordgjestar
Konsertscene
Leikarvollen Scene klar for konsert
Buakåkkå-velkommen[1]
"Buakokkå" leverer mat til ditt arrangement


Bøfjorden Grendahus har ein hovudetasje beståande av fullt utstyrt kjøkken, liten sal, stor sal, fin scene med lyd og lys, sminkerom/backstagerom og toaletter.

I kjellaretasjen finn vi garderobeanlegg, toalett, ballrom, miniatyrskytebane, lokale med plass til 50 personar med tilhørande kjøkken (fullt utstyrt), toalett og eit hendig lite lydanlegg.

Fiberinternett med god fart er tilgjengeleg over heile huset og kan fritt brukast ved leige.

Vi har også eigen projektor for framsyning av bilete og film ved private arrangement.

Det er parkeringsplassar både ved hovudetasjen og nedanfor huset.

Bøfjorden Grendahus har inngått eit samarbeide med "Buakokkå" som kan levere mat til ditt arrangement - dette er ein fin pakke som da inneheld leige av Bøfjorden Grendahus inkludert levering av mat! Ta kontakt med May Iren Dønheim Hovde ved spørsmål rundt "Buakokkå" - Epost: mayirenhovde@gmail.com / Mobil: 97653686.

Ønskjer du å leie huset til ditt arrangement kan du ta kontakt med utleigeansvarleg Eldbjørg Nessæther på mobil 46697660.

Har du generelle spørsmål rundt Bøfjorden Grendahus kan du ta kontakt med leiar; Kay Edvin Nessæther - Epost: grendahuset@bofjorden.net / Mobil: 41416373.

Utleigeprisane våre finn du på denne lenkja

Velkommen til oss i Bøfjorden Grendahus!

VI SPONSER BØFJORDNETT