Bøfjorden grendahus AL - sponsoravtale sikrar fiber

Bøfjorden grendahus AL kan melde om at dei har inngått ein 3-årig sponsoravtale med Svorka - avtalen gjer at grendahuset endeleg får fiber!

Svorkabilde-1024x577

Avtalen vart signert før helga av markedssjef Janne Ragnes i Svorka og leiar i Bøfjorden grendahus AL Kay Edvin Sættem Nessæther.

Grendahuset vil no få gratis internett ut 2019 mot at dei grev grøft til fiberkabelen sjølve - Svorka gjer resten av monteringsarbeidet som ein del av sponsoravtalen. Bøfjorden grendahus AL pliktar å henge opp reklame for Svorka.

Endeleg vil det bli skikkeleg internett på grendahuset - dette vil gjere det lettare for alle som brukar huset til møter, diverse arrangement og det vil kanskje gjere huset meir attraktivt å leie ut til konferansar og kurs!

Dugnadsarbeidet vil starte innan kort tid slik at internettet er oppe og går så fort som råd!

Så har du lyst til å bidra er det berre å ta kontakt med Kay Edvin Sættem Nessæther på mobil; 4141 6373

VI SPONSER BØFJORDNETT