Bøfjord-helga: Mykje fint på laurdagen

Kveldheim-treff og Sivertsen-konsert fredag heldt Bøfjordhelga fram med ein innhaldsrik laurdag. Den inneheldt mellom anna fellesfrukost, loppis, basar, bil-nostalgi, barnefotball, utstillingar av kunst, litteratur og foto – og ikkje minst rømmegraut og kaffe.

180908 b Loppis IngriKrS Vekt
Ingrid Kristine Sollid har sikra seg ein flott «loppis». No blir det å vega sakene på gullvekt!
180908 c Apollo Heimlund (1)
Asbjørn Heimlund med sin Apollo. Kva kan måle seg med ein 1910-modell, som endatil kan kjørast?
180908 d Hilda Aass
Hilda Karin Aass gjorde stor lykke med si kunstutstilling – og selde bra.
180908 e Motor Førkrigs AV BBkl OddmGr bak
Anders Vaagland (i lys skjorte) stilte med ein Bernard-motor frå mellomkrigstida. – Den vart bruka til ymse landbruksoppdrag, forklarte Anders. – Den drog både høyvogn, kappsag og trøskverk! Oddmund Gravvold og Bernhard Bøklep (t.h.) viser stor interesse for klenodiet.
180908 f Vogn Olastua
Dei yngste har vel knapt sett ei slik ei? Denne er frå Olastua på Bø.
180908 g Fotball BB Søya
Spennande fotballkamp mellom 8-årslaga frå Stangvik og Åsskard sokn.
180908 h Basar Kathrine Randi
Kathrine Lund Paulsen (her) og May-Britt Hakstad passa basarbordet. Randi Vetleseter Bøe støttar ei god sak.
180908 i Hønsviks Trio
Peder Hønsvik (t.v.) stilte med Tangotrio på bygdedagen. Ved keybordet sit Alexey Kurbanov, og fløytist er Åsta Andreassen.


Mayse og Geir på «Samvirkelaget» mange titals gjester til hyggeleg frukost laurdag morgon. Etterpå var det folksamt på Gammelskulen, der Elisif Sæthervik og staben hennar heldt loppemarked.

Geitbåt, Apollo 1910 og fiin gammel trafikknostalgi

Hovudarena for bygdedagen var Bøfjorden Grendahus – med utstillingar, servering, basar, fotball og kulturprogram. Det blenkte i gamle bilar – aller mest kanskje i Asbjørn Heimlunds 108 år gamle Apollo. Denne skapte eineståande stemning da den kom kjørande til gards – og det for eiga maskin!

Inntrykk gjorde også «Fosnabåten» frå Heggem – ein prektig 140 år gammel geitbåt bygd av sjølvaste «Ola Sakså». Elles kunne du mellom mykje anna sjå traktorar, dollarglis, gardsmotor frå mellomkrigstida og ei velbruka hestvogn frå Olastua. – Her manglar berre hesten, lydde ein kommentar til denne.

Bøker, foto og kunsthandverk i salen

Inne møtte du ei imponerande samling av kunst, husflid og lokal litteratur forutan eit galleri av historiske foto. Her kunnea du også nyte rømmegraut og kaffe. Og ved basarbordet sat sedlane laust – det vart god inntekt til kyrkjebåten «Hjelmkonnå» og det tilhørande naustet.

På fotballbanen imponerte 8-åringane frå Søya og Bøfjord/Bæverfjord med festleg fotball og stor innsats. Kven som fekk flest mål, spelar mindre rolle - her var alle vinnarar!

Konsert med tangorytmer og song

Laurdagen vart avslutta med konsert. Her spela Peder Hønsvik og hans Tangotrio. Mellom smektande melodiar stod ein litt opprørsk Piazzolla-tango fram som høgdepunkt. Mannskoret frå Prosjekt 17 song seg både til sjøs og til lands, med friske shanties, vemodige viser og frodig humor. Allsongen med «Minnenes melodi» og «Vandringsmenn synger» tona godt i salen – folk likar framleis å synge sjøl. Einaste saknet var kanskje at programleiaren glømte «Bøfjordsongen»!

Trekninga etter basaren skapte også god stemning – og mange glade vinnarar! Det kom inn 8-9.000 kroner til kyrkjebåten og naustet.

VI SPONSER BØFJORDNETT