Bli med på tur til Trodalen!
Turen blir gjennomført komande onsdag kl.17.30, melder Trimgruppa.
Idrettslaga i Bøfjorden og Bæverfjord inviterer til trimtur til vakre Trodalen onsdag 29.juni kl.17.30.
Valgfri oppmøtestad: Vi startar både frå Flessa og Bøkleppen og møtes til sosialt samvære i Trodalen!
Porten utanfor Flessa vil bli opna for dei som ønskjer å køyre litt lenger ut enn enden på vegen nede ved sjøen.
Ta med mat og drikke.
Det blir "Trodalssti" med premiering!
Vel møtt!