Bli med på dametrim!

Dametrim[1]

Er det fleire enn eg som kjenner at dørstokkmila er lang no om vinteren? Kanskje vi kan hjelpe kvarandre?

Dersom det er nok interesse, startar vi opp med eit lågterskeltilbod for damer ein kveld i veka fram til vinterferien. Det blir stor variasjon i aktivitetane, med fokus på leik, litt puls, ball i ulike variantar og kanskje litt dans og styrke.
 
Her er alle velkomne – enten du er 20 eller 60, slit med ein gamal idrettsskade, er 40 kg for tung eller har ambisjonar om å springe maraton til sommaren.
 
Vi bør vere minst seks for at det skal bli eit tilbod, så om du er interessert, kan du sende melding til meg, Bodil (482 69 549).
 
Første kveld blir måndag 18.00-19 00 i Grendahuset.

VI SPONSER BØFJORDNETT