Bernt Bøes Boksøg

Bernt Bøe har i mange tiår drive eit mangfaldig kulturarbeid. Under Vårsøghelga er det forfattaren Bernt vi får møte, med Boksøg på Stangvik prestegard søndag 28. mai.

Bernt Bøe[1]
Bernt Bøes Boksøg under Vårsøghelga.


Bernt Idar Gudrunson Bøe har prega kulturlivet vårt både som opphavsmann, utøvar og arrangør. Viktige stikkord er historie, musikk og kyrkje.

Han har skrive mange bøker og jubileumsskrift med rot i lokalhistorie på Nordmøre, med emne som skule, kyrkje, sjøfart, idrett og setring. Men han har òg skrive mange songar, kabaretviser og salmar, han har samla eventyr og han er ein aktiv bidragsytar i lokalpressa og ei rekkje årbøker og tidsskrift, også nasjonale.

«Gamle Nordmør», årboka til Bøfjorden Historielag, er til stor og årleg glede for mange, med Bernt Bøe som redaktør. I tida si som lærar tok han med seg interessa for lokal kultur og historie inn i skulen, der elevane mellom anna deltok i orkester og teater.

Boksøg har vore eit fast innslag i Vårsøghelga sia starten, men dette er første gongen bokpraten går i ein prestegard. Den ferskaste boka til Bernt Bøe har da også tittelen «Kyrkja vår – Stangvik», så her er forfattaren og organisten på heimebane.

Samtalepartner er Svein Sæter, og Boksøg med Bernt er eit samarbeid med Møre og Romsdal forfattarlag.

VI SPONSER BØFJORDNETT