Basstemma frå «det glade Sørlandet» innfridde!

Steffen Jakobsen bergtok dei 117 frammøte i storsalen på Bøfjorden grendahus i går. "Bamsen frå Grimstad" som han kallar seg sjølv, helt ein strålande konsert. Basstemma kjend frå Idol på TV2 i fjor leverte varene og vel så det – Konserten vart ein skikkeleg kosekveld med gromlyd!

20140919_195445
20140919_195506
20140919_205640

Trio-formatet kledde salen på grendahuset perfekt og med Rune Dalager bak lydspakane vart dette ei kjempefin musikalsk oppleving. Vi fikk servert eigenkomponerte songar ispedd coversongar. Og innimellom songane fekk vi småprat om laust og fast – kanskje ikkje alltid like lett å forstå. (Grimstad-dialekta er ikkje så enkel når den kjem dundrande med ekstra bass!) men uansett koseleg var det!

Steffen Jakobsen er ein jordnær og folkekjær artist og med seg hadde han to meget flinke musikarar på henholdsvis gitar og bassgitar. Steffen viste sin unike djupe basstemme som ofte gav frysningar! Lyden i salen var nydeleg, stemninga god og artisten sjøl var rimeleg godt nøgd han også.

Etter konserten stod han sjølv og solgte plater, signerte dei og tok bilete saman med dei som ville det. Ingen nykker her i garden nei!

På kjøkkenet gjekk kaffe, græt og bakels og kaker unna i ein fei til store og små.

Og på bakrommet etter konserten fekk Steffen smaken på bakels og græt – noko han tykte var meget godt – kanskje litt skeptisk på førehand!

Tilslutt er det viktig å takke alle som var med på denne «musikalske dugnaden»; alle som stod på kjøkkenet, dei to som solgte billettar, dei som var med å ordne salen med stolar og ikkje minst dei to som skyssa artistene til og frå Kristiansund! Kjempegreier!

Ein takk til alle sponsorane som stilte velvillig opp med økonomisk støtte og takk til Rune Dalager som styrte lyden med «gromlyd-hand»!

Og ikkje minst; takk til alle dykk som kom og kjøpte billett!

Ein strålande musikalsk kveld er historie.

Her er ein Youtube-video av det siste minuttet av konserten (Filma av Einar Vaagland)

VI SPONSER BØFJORDNETT