Basar og bugnande bord
Jamen er det mangt som skal skifte eigar på Bøfjorden Grendahus i dag! Basaren, loppisen og kaffebordet har mykje å by på.
Da jubileumskomiteen ordna salen i går kveld, vart dei overvelda av alle gåvene som var komne inn. Folk stiller verkeleg opp for kyrkja si – som fyller 150 år!
Gevinstar av alle slag – små og store – fyller det lange basarbordet. Her er det mykje å vinne! Gunda, Maybrit og dei andre i Åsskard Bygdekvinnelag har fått respons på organiseringa!
Og i Litlsalen finn du eit overdådig loppemarked. Utstyr til hus og kjøken, koppar og husgeråd dekker fleire bord. I kråa er det klokker og kunstverk. Og for ei boksamling – romanar, barnebøker, sport og natur! Her er det Tove som har styringa - med god hjelp av fleire.
Klokka 14 opnar dørene. Salen er også kafeteria, der ein kan slappe av med ein god prat mellom loddkjøp og loppehandel.
Ei gruppe frå koret P17 oppfordrar til bruk av allsong-arka i ei lita økt midt i programmet. Her kan du istemme kjente vers frå Mads Berg og Ønskekonserten. Dessutan får du høre litt frå korets eige repertoar – kanskje både todalsk Seterkabaret og bøfjordsk fjordafart i heimelaga tekst og tonar.
Når klokka nærmar seg 17, er det trekning. Tru om du er blant dei heldige vinnarane?
- Tekst og foto: Bernt Bøe

![Basar (1)[1]](https://img7.custompublish.com/getfile.php/5489621.2107.pjbzqmmlwbtssk/800x0/6744421_5489621.jpg)














.png)




.jpg)


























